Nytt herrelag vann med 22 mål
Etter éin sesong utan seniorlag, slo Nore Neset og Os seg saman. No ligg dei på 4. plass.


Før sesongen, som no er rundt halvspelt, slo Nore Neset og Os seg saman om å starta eit senior herrelag i handball igjen.
Laurdag vann Nore Neset/Os heile 38-16 borte over Sund.

– Det er nokre lag i tet, som skil seg ut, men vår gjeng har stort sett gjort det veldig bra i serien, seier Silje Lom Soldal, leiar for handballgruppa i Nore Neset il.
Etter 10 spelte kampar står dei med 7 sigrar, 1 uavgjort og 2 tap.
Det er godt nok for ein førebels 4. plass på tabellen.
Neste kamp er allereie torsdag, heime mot Øygarden på 8. plass (av 9 lag).
Éin sesong utan seniorlag
Då Os i september 2019 trekte herrelaget sitt frå serien, brukte Nore Neset eit halvt år på å stabla ei erstatning på beina.
Men pandemiåret 2020 gav lite rom for senior lagidrett, så Nore Neset måtte venta til hausten 2021 med å spela første kamp.
Sidan har dei halde liv i laget, men i starten på 2023-2024-sesongen måtte dei òg trekka seniorlaget sitt.
Ung stall – ung leiing
Mens dei førre herrelaga var meir prega av vaksne og veteranar, er det no på ungdomane sitt initiativ at det har blitt seniorlag igjen.
– Juniorane våre spelte 17-20-serie i fjor. Dei var påmeldt i B, men den blei kansellert, så dei måtte spela mot betre 17-20-åringar i A-serien.
– I år ville dei heller spela herrar 5. divisjon, forklarer Silje.
I fjor var dei så vidt mange nok til å fullføra sesongen. No kunne dei òg få hjelp av nokre vaksne spelarar.

– Vi er glade for dei seniorane vi har med oss, både dei som er i 20-åra og dei få som er litt eldre. Og så er det kjekt at det er sånt driv i ungdomane, som utgjer største del av gruppa.
Laget blir dessutan leia av ungdomane sjølv.
– Mathias Onstad Kartveit er spelande trenar, fortel Soldal.
Dei yngste på laget er fødde i 2008 (fyller 17 i år).
– Ellers har vi spelarar frå både 2007-, 2006- og 2005-årgangen, Og frå slutten av 1990-talet, blant anna.
Nore Neset og Os samarbeider på gutesida frå 12-årsalderen og opp. Dei har òg gutar 16-lag som trener side om side med herrelaget to dagar i veka.
– Det er ein god miljøskapar. I tillegg er det fint for gutane å bli kjente med kvarandre, viss 16-åringane skal lånast til kamp eller seinare skal inn på seniorlaget, seier handballsjefen på Skeie.
Sjølv om stallen er stor og sportsleg sterk, er det rom for fleire, legg Silje til.