Næringsliv | 11. feb. 2010

Nytt kjøkken på 11 dagar

Yolandi Carr har drive ostefabrikk i Botswana og jobba med butikkdekorering i New York. Men først då ho kom til Os starta ho med det ho interesserar seg mest for; interiørdesign.

Nytt kjøkken på 11 dagar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. feb. 2010 07:15

Bildeserie:

1 av 7

Ho flytta til Noreg og Os i april 2008 og er allereie i full sving med nyetablert rådgjevingsbedrift. Her er eit av dei rundt 10 oppdraga den nye osingen har hatt i hennar 8 første månadar i drift.

− Det finst løysingar for alle typar smak, stilar og budsjett. Det viktigaste er å gjera seg kjent med kunden og rommet før ein startar, seier Yolandi Carr.

Blei osing i ekspressfart

Vegen frå Cape Town til Os blei kort og ganske lite krunglete for Yolandi. Ho møtte engelskmannen Colin Carr, som har budd i Os i mange år, i Sør Afrika sommaren 2007. Dei gifta seg i desember det same året.

− Eg kom til Os før vi hadde gifta oss. Sjølv om eg ordna med visum på lensmannskontoret kom UDI og ville ha meg ut av landet etter to veker. Eg fekk til og med eskorte til Flesland.

Den lite gjestmilde starten skremte ho likevel ikkje frå bygda så lenge. Etter eit koseleg hagebryllaup i heimlandet kom ho og nordsjødykkaren tilbake.

− Då heldt venane til Colin ein velkomstfest for oss. Osingane har tatt veldig fint imot meg. Med ein mann som er på jobb fleire veker i slengen er det godt å ha ein venekrets.

Frå ost til interiør

Yolandi har vakse opp i ein konservativ familie i den sørafrikanske storbyen Cape Town. Å ville satsa på interiørdesign var ikkje musikk for mor og far sine øyrer, men det hindra ho ikkje frå å studera faget.

− Eg har alltid vore opptatt av interiør, og studerte interiørdesign i 1992. Seinare har eg jobba med å dekorera butikkvindauge i ei attraktiv handlegate i New York, men eg har også jobba med heilt andre ting.

Etter at Yolandi fekk smaken på ost etablerte ho eigen ostefabrikk i Botswana. Etter fem år selte ho fabrikken, som hadde 28 tilsette.

− No er eg glad for å vera tilbake i drift med det eg likar best.

Jungelen i Os

Ho likar seg godt i Os, både sosialt og forretningsmessig.

− Det er så fritt i Noreg. Eg nyter tryggleiken, det å kunna vera utandørs om kveldane utan å vera redd for å bli utsett for noko kriminelt.

− Samstundes er Os ein passe stor plass, nær byen, men liten nok til at det å prata med folk er god nok marknadsføring. Alle oppdraga eg har fått har kome som resultat av at folk har snakka med kvarandre.

Selskapet hennar, Bespoke Designs (bespoke er eit nytt engelsk ord som betyr å skapa/skreddersy), har fått ein god start.

Nytt kjøkken på 11 dagar

Yolandi har gjeve ny look til både båt, kunstsenter og bustadar. Oppdraget for Vidar Haugland, som ville ha nytt kjøkken, blei gjennomført på 11 dagar.

− Her hadde eg ikkje berre rådgjeving, men praktisk gjennomføring. Planlegging, innkjøp, koordinering med handverkarar og ein del eigeninnsats.

Kunden likar svart og kvitt og var på jakt etter noko nytt og meir praktisk. Å mala kjøkkenet svart var han i starten skeptisk til.

− Men eg visste at det ville bli nok kvitt. Med spegl og rett lyssetjing gjev dei svarte veggane rommet ei roleg stemning, forklarar ho.

Funksjon før farge

Det første Yolandi gjer når nokon viser interesse er å blir kjent med livssituasjonen til vedkomande.

− Eg ventar litt med farge og stil, funksjon og praktisk innreiing kjem først. Det hjelper ikkje å ha ein fin heim viss den er skjult av rot og ting som ikkje er på rett stad.

Oppbevaring er ifølgje interiørdesignaren noko med det viktigaste i dei fleste rom.

− Alt må ha ein plass å vera, og det som oftast er i bruk må vera plassert lett tilgjengeleg. Når eit rom er planlagt etter slik det blir brukt er det lettare å halda ryddig og fint.

Når det grøvste er planlagt kjem stil og fargeval. Yolandis bibliotek av magasin og bilde er ein god stad å starta, men ho oppfordrar også folk å klippa ut og ta vare på bilde av rom eller møblar dei likar.

− Det er så mange magasin og TV-program om interiør i dag at det rett og slett ikkje er noko unnskyldning for å ha dårleg smak. Alle har noko dei likar betre enn anna, seier Yolandi og ler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.