Sport | 12. mai 2017

Nytt lag på Os

Jon Sivert Rykkel er ny styreleiar i Os Fotball. Med seg på laget har han ein 17-åring og fire tidlegare kapteinar, blant anna Torkel Hjertnes og Stian Lunde.

Nytt lag på Os
Delar av det nye styret i Os Fotball: Tore Kleppe, Bjørn Aadland, Egil Hodneland, Jon Sivert Rykkel, Helge Olav Nygard og Stian Lunde (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 12. mai 2017 10:28

Det nye styret i Os Fotball består av Jon Sivert Rykkel, Torkel Hjertnes, Stian Lunde, Lars Ivar Nyhus, Tore Kleppe, Helge Olav Nygard, Bjørn Aadland, Egil Hodneland, Jan Frode Skeie, Solfrid Vernøy, Jan Ole Fagerbakke og Frode Steffensen er truleg eitt av dei yngste leiergruppene som har styrt Os-skuta.

– Det er ei veldig fin samansetning, både av typar, kompetanse, kontinuitet, nyskaping og alder, blant anna med 17 år gamle Lars Ivar Nyhus. Eg gler meg til å jobba saman med denne gjengen, seier nyvald styreleiar Jon Sivert Rykkel.

Vil støtta og vidareføre

Då Midtsiden møter delar av det nyvalde styret på Kuventræ er det tydeleg at motivasjonen er stor og bakgrunnen for at dei har sagt ja mykje den sama.

– Det har vore gjort veldig mykje bra dei siste åra. Ikkje minst Endre Brenne gjer ein kjempejobb og er enormt viktig i å bygga Os Fotball til den klubben vi ønskjer den skal vera. Vår viktigste oppgåve blir å vera gode støttespelarar for Endre og alle dei frivillige som legg ned time etter time på treningsfeltet.

– Det er noko skikkeleg på gang på Kuventræ, og det har vi lyst til å vera med på å løfta vidare opp og fram.

Klubbstyrt i staden for lagsstyrt

Sjølv om det er A-laget som får mest merksemd i media er det nye styret tydelege på at Os Fotball er så mykje meir.

– Sjølvsagt er A-laget sentral. Det er viktig at det gode arbeidet og tankane ein jobbar etter blir vidareført. Men like viktig er den raude tråden ein no har frå dei yngste til dei eldste. Vi ser at det prosjektet allereie har bore frukter, med mange eigne spelarar i A-troppen. Det er vi trygge på at det kjem til å bli fleire av i åra som kjem når vi no jobbar saman som ein klubb og ikkje som ei rekkje lag som driv på eigenhand.

– Vi gler oss til, om kort tid, presentera den nye sportsplanen for trenarar og spelarar. Den meiner vi vil gjera det enno enklare for dei som er foreldretrenarar å følgje den raude tråden klubben har lagt.

Skal ta samfunnsansvar

Det nye styret er også oppteken av det samfunnsansvaret som ligg til idrettslaget.

– Vi skal ikkje berre skapa gode fotballspelarar. Vi skal også skape gode menneskjer med gode haldningar. Difor skal vi engasjere oss, også på ting som går føre seg utanfor fotballbanen. Også der er Endre Brenne eit funn for klubben. Truleg er det den beste signeringa som er gjort i klubben på mange år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.