Lokal | 31. aug. 2014

Nytt leidningsbrot i Stegen

Busette i Stegen, Øyrsmoget og Midtskogvegen må koka drikkevatnet sitt inntil vidare.

Nytt leidningsbrot i Stegen
Os kommune måtte i dag, for fjerde gong på fire år, reparera brot på vassleidningen i Stegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 31. aug. 2014 19:36

Som i august og desember 2010, og mai 2012, var det i dag brot på vassleidningen i Stegen.

Teknisk drift i Os kommune var på ny på plass for å grava fram leidningen og skifta ut det skadde stykket.

Nedover Stegen mot Byvegen har vatnet tatt med seg mykje pukk og grus, men vegen er open forbi skadestaden.

– Tar vassprøve måndag

Då leidningsbrotet blei oppdaga blei det sendt ut kokevarsel til abonnentar som er råka.

– Vi kjem til å ta vassprøvar måndag og sender ut ny informasjon når resultatet er klart, seier teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.