Lokal | 26. des. 2012

Nytt liv i slakteriet

Glassmester Helge Austevoll AS bygger om Kleiven sitt gamle slakteri til verkstad, showroom og kontor. – Os er eit viktig satsingsområde for oss.

Nytt liv i slakteriet
Frank Hjelle og Helge Austevoll i Glassmester Helge Austevoll AS er i full gang med å pussa opp det gamle slakteriet til Kleiven (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 26. des. 2012 09:44

Då Kleiven gav seg med butikk på Os, blei det òg slutt på aktiviteten i slakteriet aust om elva.

Dei siste månadane har det igjen byrja å bli liv i den raude murbygningen i Finnebrekka. Inn har dei to i Glassmester Helge Austevoll AS kome.

- Det går nok enno ei stund før vi kan seie at vi har flytta inn.

- Vi har såpass mykje å gjera for kunder i Os og Bergen at oppussinga her må vi ta på kveldstid, fortel Helge Austevoll, som saman med Frank Hjelle driv glasmeisterfirmaet.

Godt med kjøtlukt

Dei to glassmeisterane har rive ned det meste av den gamle innreiinga i slakteriet for å byggja lokala opp på nytt.

- Vi merka at det hadde vore slakteri her kan du seia.

- No har vi rive ned alt som det hang kjøtlukt i og byrja på arbeidet å bygga opp igjen, seier Frank med eit smil.

Verkstad og showroom

Dei to ser for seg éin del med verkstad og produksjon og éin del med kontor og utstilling/showroom.

- I tillegg til å vera glassmeistrar, driv vi ei lita spesialbedrift på dørautomatikk.

- Løysingane som finnast innan den bransjen vil vi visa fram her, forklarer Helge Austevoll.

Dørautomatikk handlar om, kort forklart, det som skal til for at dører på kjøpesentre og i andre bygg opnar og lukkar seg når du skal inn eller ut.

- Det er eigentleg ganske naturleg at vi driv med det, sidan vi ofte er dei som har montering av sjølve glasdørene, skyt Frank Hjelle inn.

Flyttar heim

Helge Austevoll bur i Fana, men er halvt osing med ei mor frå Mobergslio. Frank Hjelle er fullblods osing, busett på Søfteland.

- Vi hadde lyst til å flytta verksemda heim.

- Desse lokala fekk vi tak i etter å ha hatt ei annonse på Midtsiden.no. Dagen etter at annonsa var av lufta ringte Kleiven og lurte på om vi var interessert.

Inkludert i kjøpet er òg bustaden vegg i vegg med slakteriet.

- Etter kvart kjem vi til å pussa det opp for å leiga det ut, men det kjem nok til å ta litt tid, smiler Austevoll, som først vil rehabilitera slakteriet også utvending.

Glasrekkverk mot elva

Dei to karane håper dei får lov til å laga ein liten terrasse ut mot elva.

- Den vil sjølvsagt bli med glasrekkverk, som er noko av det som er det mest populære blant private kundar.

- Får vi lov av kommunen å gjera det, så blir det samstundes ein fin måte å visa fram kva vi driv med, både på utsida og innsida av bygget, forklarar Frank.

Inne vil dei ta vare på mykje av dei rustikke tegelsteinveggane og kombinera dei med nettopp glas.

- Det trur eg kan bli kjempetøft, seier Helge.

Sikrar etter uhell og innbrot

Dei to karane har mykje å fylla dagane med. Sidan dei har døgnvakt på glasarbeid blir det mange seine kvelds- og nattetimar.

- Om ei rute blir knust ei natt, får vi ofte telefon frå vaktselskap med spørsmål om vi kan koma og sikra restane.

- Det, saman med at vi har rammeavtale med Bergen kommune på glas, gjer at vi har nok å henga fingrane i. Det skal bli godt å bli ein til over jul, avsluttar dei to glasmeistrane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.