Fotball | 09. mai 2023

Lokaloppgjer utsett til hausten

Derby i 5. divisjon på vent grunna NM.

Lokaloppgjer utsett til hausten
Juniorlaga til Os og Nore Neset møttest på Skeie for to veker sidan. I kveld skulle det vore seniorlaga sin tur. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. mai 2023 07:15

Fotballsesongen er berre rundt ein månad gamal, men det har allereie vore lokaloppgjer både mellom Lysekloster og Os i 3. divisjon, mellom Nore Neset og Os gutar 19 og mellom Os 3 og Søfteland i 7. divisjon søndag - med over 200 på tribunen.

I kveld skulle det vore nok ein kamp med kortreist motstand, Os 2 hadde plan om å ta imot Nore Neset til 4. serierunde.

Os 2 har tatt 6 poeng til no, Nore Neset har tatt 5.

Os 2 rykte ned frå 4. divisjon i fjor, Nore Neset rykte opp frå 6. divisjon hausten 2021.

Kaspar Klett Døsen, her i kamp for A-laget i fjor, skåra to mål for G19 på torsdag og tre for Os 2 i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògHar skåra fem mål på tre dagar

Men kveldens kamp er utsett fordi Os G19 har tatt seg vidare i NM, og Os 2 senior består i hovudsak av juniorar, som sto i fare for å få eit altfor tett kamp-program.

RETTA: Vi skreiv først at kampen skulle spelast i kveld, men den er utsett.

Ny dato er ikkje sett, men det blir over sommaren, og dermed to tettare lokaloppgjer i 5. divisjon.

Verken Nore Neset eller Os 2 har hatt ein god 2022-sesong, men litt jubel har det likevel blitt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy og Nicholas Forstrønen Bruarøy)
Les òg«Gamle Os 2» møter nye Os 2 i serien neste år

Nore Neset består av fleire tidlegare Os-spelarar, som Sander Fagerbakke Kvittingen og Adrian Kallekleiv Valle.

Os 2 består av fleire tidlegare Nore Neset-gutar, som Magnus Spangelo Haga og storskårar Kaspar Klett Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.