Kultur | 08. mai 2013

Nytt samarbeid – nye band

Søfteland Rock N LOL fortel om nytt samarbeid og slepp samtidig tre nye band til årets festival.

Nytt samarbeid – nye band
Major Parkinson fekk full fyr i teltet under Søfteland Rock N LOL 2011. I år er dei tilbake. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. mai 2013 07:31

Eirik Søfteland, bandet hans KingCalling, BigBang, Michael Paskalev, Honningbarna og Real Ones kjem til Søfteland i år.

Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LOL

No slepp festivalen tre nye band.

– Cockraoch Agenda og Major Parkinson kjem også på plakaten i år, fortel festivalsjef Andreas Lindborg.

Dei to kjente rockebanda frå Fusa og Bergen spelte i teltet på Rock N LOL fredag og laurdag i 2011.

Dei har også noko anna til felles; begge har tidlegare år vunne Eggstockfestivalen.

– Vi har nyleg inngått samarbeid med Eggstock, der årets 24 deltakarar ikkje berre konkurrerer om plateinnspeling og instrument, men om å spela på Rock N LOL.

Det betyr at det tredje bandet dei slepp i dag - førebels ikkje er kjent. Men at det blir eit av dei 24 påmeldte til Eggstock er sikkert.

– At vi har fleire tidlegare vinnarar på plakaten er ekstra kjekt, Cockroach Agenda vann i 2010 og Major Parkinson i 2003, fortel Andreas, som sjølv har deltatt på Eggstock eit år med bandet Bone Shakers.

Felles mål

Startskotet for årets Eggstockfestival går onsdag 5. juni, der 24 unge uetablerte band er påmeldt.

– Vi har mykje til felles. Vi har frå første festival jobba for å finna artistar på veg opp.

Og brørne Lindborg har lykkast mange gongar. John Olav Nilsen spelte sin første utandørskonsert på festivalen i 2009. Same år sto Lars Vaular og Kvelertak på plakaten. Dei tre blei bestilt berre månadar før dei hadde sine gjennombrot.

– Eggstock er eit viktig springbrett for unge musikarar i og rundt Bergen, det kjennest rett å inngå eit samarbeid med Eggstock-festivalen, seier Andreas.

Eggstock har opp gjennom åra vist seg å vera starten på fleire artistkarrierer, blant anna for band som Razika, Sondre Lerche, Matias Tellez, Major Parkinson, Ralph Myerz & The Jack Herren Band og The New Wine.

Juryen som bestemmer kva Eggstock-band som får plass på årets Rock N LOL-plakat består av representantar frå MADE Management, Klangkollektivet og Tinnitus Recording.

Søfteland Rock N LOL blir arrangert 5. og 6. juli i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.