Korona | 01. juni 2021

Nytt smittetilfelle knytt til Luranetunet

Trur utbrotet er knytt til ein uvaksinert person.

Nytt smittetilfelle knytt til Luranetunet
Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 01. juni 2021 11:52

Nok ein tilsett ved Luranetunet har fått påvist covid-19.

Dette melder Bjørnafjorden kommune på sine nettsider i dag, tysdag.

Den tilsette er delvis vaksinert. Nærkontaktar er varsla og sett i karantene.

Trur utbrotet er knytt til ein uvaksinert person

Dette er det femte smittetilfellet knytt til dette utbrotet.

Ein tilsett ved Luranetunet testa positivt for covid-19 27. mai.

Alle tilsette og bebuarar ved den aktuelle avdelinga blei testa, og ein bebuar og ein tilsett fekk påvist covid-19 28. mai. Laurdag 29. mai fekk nok ein pasient påvist smitte.

– Vi har grunn til å tru at dette utbrotet har starta med ein uvaksinert person, og ikkje nokon som er fullvaksinerte, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

– Vaksinen gir 95 prosent beskyttelse, men det er altså likevel fem prosents sjanse for at ein kan bli smitta. Det er svært låg risiko for at ein fullvaksinert person kan smitte andre - og endå lågare risiko for at ein fullvaksinert person utviklar alvorleg sjukdom som følgje av viruset, seier Nordvik Dale.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.