Lokal | 29. juli 2016

Nytt stupebrett på plass i Vikjo

Vitne fortel at éin person var på brettet då det svikta. Nytt brett er på plass - så no kan sommaren koma tilbake!

Nytt stupebrett på plass i Vikjo
Søndag blei stupebrettet i Vikjo øydelagt, no er nytt brett på plass. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. juli 2016 08:45

Måndag morgon låg det eit knekt stupebrett og duppa ned i sjøen i Mobergsvikjo.

– Alle stupebretta våre er skifta ut frå to stykker 3 x 8 tommar til limtre. Dette er andre gong stupebrettet i Mobergvikjo blir øydelagt, og det er berre i Os dette har skjedd, sa Oddmund Dingen i Bergen og Omland Friluftsråd.

Tolte ikkje vekta av éin ungdom

At fleire hadde stått oggynga på brettet samtidig blei sett på som mest truleg årsak til skaden, men sånn var det ikkje.

Tre ulike vitne har kommentert saka og skrive at det var ein ungdom som var åleine på brettet då det svikta. Ein av dei som såg uhellet er Jahn Helle.

– Eg sat på restauranten då ein ungdom, truleg 16-17 år gamal, sprang ut og hoppa på brettet, slik du gjer for å få litt sprett. Så kom eit voldsomt brak og brettet knakk rett ned i sjøen.

Dette skjedde på dagtid søndag.

– «No må du uti», tenkte eg, men han kom seg til land sjølv og hadde tydelegvis nokre vaksne å snakka med etterpå.

BOF svarer

facebooksida til Midtsiden har BOF kome med svar.

Her er delar av svaret, som òg handlar om betongfundamenta:

«For det fyrste er BOF glad for at ingen blei skada. Som eit forsøk på nyansering og oppklaring: At stupebrettet knakk grunna bruken var eit mogleg (mest sannsynleg?) alternativ, som blei førespegla til avisa. Sjølv om det var éin person på brett då det knakk, kan det jo likevel vere at brettet har vorte overbelasta tidlegare (brist / trøyttleiksbrot). Ingen kan jo sjølvsagt vite 100 % sikkert, men journalistar vinklar jo gjerne artiklar for å få flest mogleg klikk. Tryggleiksmessig vert alle våre stupebrett inspisert om våren og hausten, når dei grøne mattene vert lagt ut og teke inn. Vedrørande tilsvar på eit par av lesarkommentarane knytt til kommentarfeltet på nett- og Facebook-artikkelen: Me er einig at betongfundamentet i dette tilfellet treng ei oppgradering (me er obs på slitasjen), men enn så lenge står det trygt og det momentet har neppe noko med denne hendinga å gjere.»

«Avslutningsvis vil me seie at eit nytt og kortare (og meir robust) stupebrett antakelegvis vil kome opp igjen i løpet av veka, og me vonar at folk framleis vil sjå på det som trygt og fortsetje å bruke det.»

Dette brettet er no på plass. Yr melder lettskya og 14 gradar laurdag, Storm melder overskya og nedbør store delar av dagen.

Langtidsvarselet for Os gir heller ikkje grunn til håp om sol eller høgare temperaturar for veka som kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.