Delar av leiinga av Bjørnafjorden Frp etter møtet i dag. (Foto: Privat)
Delar av leiinga av Bjørnafjorden Frp etter møtet i dag. (Foto: Privat)

Nytt styre i Bjørnafjorden Frp

Bahus held fram som leiar, Søviknes kjem inn som kasserar.

Kjetil Vasby Bruarøy
23. januar 2020 - 21:21

Bjørnafjorden Frp har hatt årsmøte torsdag kveld. Møtet blei gjennomført i kommunestyresalen.

– Valkomiteen har gjort eit godt arbeid, og det var eit godt møte, synest Gustav Bahus.

Valkomiteen består av Svein Skoglund, Arne Holmefjord, Eva Bergstø og komitéleiar Lasse Færøvik.

Bahus har vore formann i Frp samanhengande sidan 1996, og blei valt igjen.

Det nyvalte styret

Leiar: Gustav Bahus
Politisk nestleiar: Espen Aspenes
Organisatorisk nestleiar: Eirik-André Hesthamar (er i tillegg medlemsansvarleg og studieleiar)
Kasserar: Terje Søviknes
Styremedlemmer: Ove Frotvedt, Carl-Johan Haugen, Tore Kleppe, Thrude Scheie Mellingen og Roald Stigen 
1. vara: Kristine Tikkanen
2. vara: Ole Jonny Ådland
3. vara: Kristine Hjartnes
Kommunestyret sin representant: Laila Marie Reiertsen
Revisor: Harald Åsen

Leiar og styremedlemmane er valt for 2 år, dei andre for 1 år.

Ut og inn

– Vi har fått ei fin blanding av kontinuitet og nye hovud, seier Bahus.

Aspenes har gått ut av styret og inn i rolla som politisk nestleiar. Han tar over vervet etter Magne Djuvik, som har meldt seg ut av Frp og inn i De Kristne.

Partiet har òg takka av Egil Rosvold og Eva Sandtorv, mens Carl-Johan Haugen er ny i styret saman med Mellingen og tidlegare første vara, Kleppe.

– Terje var gruppeleiar og kommunestyret sin representant, no er det Laila. Det er mogleg at det blir verande sånn når Terje kjem heim frå Oslo, men det blir opp til kva representantane ønskjer, og kva kommunestyregruppa vår går inn for.

 

Les meir om

Lokal Politikk