Lokal | 27. jan. 2021

Nytt styre i Bjørnafjorden Venstre

Astrid Dale har overtatt etter Gustav Folkestad som styreleiar.

Nytt styre i Bjørnafjorden Venstre
Det nye styret i Bjørnafjorden Venstre fekk Breivik og Rotevatn på skjermen under årsmøtet. (Foto: Bjørnafjorden Venstre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. jan. 2021 07:43

Pressemelding:

Tysdag 19. januar heldt Bjørnafjorden Venstre årsmøte i kommunestyresalen. I tillegg til frammøtte medlemar var parlamentarisk leiar Terje Breivik og nestleiar og miljøvernminister Sveinung Rotevatn med på nettmøte frå Oslo.

Det vart først handsama ordinære årsmøtesaker.

Deretter fekk møtelyden høyra siste nytt frå høgaste politisk hald inne i Oslo og drøsa litt med topp-politikarane, som begge er kandidatar til førsteplassen på stortingsvallista i fylket.

Dei forsikra om at me får sjå dei att her i kommunen, då helst fysisk, når valet nærmar seg.

Nytt styre i Bjørnafjorden Venstre er: Astrid Dale (leiar), Torodd Kinn, Kristian Harnes, Egil Haugland, Sveinung Stensletten og Mia Fimreite (varamedlem)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.