Tor Egil Hylland får med seg Jan Kristian Rokne, Øyvind Blindheim og Jan Vidar Alnes i Osfest-styret (foto: Andris Hamre)
Tor Egil Hylland får med seg Jan Kristian Rokne, Øyvind Blindheim og Jan Vidar Alnes i Osfest-styret (foto: Andris Hamre)

Nytt styre i Osfest

Jan Kristian Rokne, Øyvind Blindheim og Jan Vidar Alnes går inn i styret for Osfest. – Vi vil vera med å byggje festivalen vidare, seier dei tre.

Andris Hamre
27. mai 2017 - 9:02

I september 2016 blei det kjent at ein av Osfest-gründerane, Ole Reinert Berg-Olsen ville ut av festivalen. Han la seinare ut aksjene for sal. No har Jan Kristian Rokne, Øyvind Blindheim og Jan Vidar Alnes overtatt.

– Det stemmer at vi har blitt einige med Ole. Vi har kome fram til ei avtale alle er vel nøgd med. Noko meir er det eigentleg ikkje å seie om den saka, fortel dei tre som alle går inn i styret saman med Tor Egil Hylland.

Ser lyst på festivalframtida

På spørsmål om kvifor dei går inn i festivalen er dei tre, som alle har vore med som frivillige teamleiarar tidlegare år, samstemde.

– Vi har vore med nokre år, og ser potensialet i festivalen. Difor har vi lyst til å vera med å få dette til, også i styrerommet og ikkje berre som teamleiarar, sjølv om vi kjem til å halde fram med det òg.

Blindheim har dei siste åra hatt ansvaret for bar, servering og mat, medan Alnes og Rokne har vore ansvarlege på rigging og strøm.

Har prøvd å møta publikum sine ønskjer

Årets festivalprogram er dei godt nøgde med.

– Vi meiner det er eit veldig godt program som har blitt sydd saman til årets festival. Tilbakemeldingene vi har fått når vi møter folk på bygda er at ungdommane er kjempehappy med fredagen og folk set pris på at vi har tatt tilbakemeldingane etter i fjor på alvor og mellom anna fått Postgirobygget hit. Det var eit av banda osingane ønskja seg.

– Vi har undersøkt moglegheiten for å henta fleire av dei vi fekk tilbakemeldingar på, men å booka artistar handlar mykje om kven som har tid, kva prisen blir og den totale miksen av artistar på festivalen. Vi føler vi har fått ein fin balanse i programmet for årets festival.

Berre å ta kontakt

Sjølv om billettsalet allereie har vore betre enn tidlegare år, håper dei tre nye styremedlemma at osingane vil vera tidleg ute med å sikra seg festivalpass.

– Det er inga grunn til å vente. No er programmet klart, og framleis er det mogleg å få kjøpt festivalpass til redusert pris, men då må ein vera om seg.

– Vi har òg ein jobb å gjera ut mot sponsorane. Der kjem vi til å gjera nye framstøt i vekene som kjem. Vi har fått tilbakemeldingar om at det er mange som kunne tenkt seg å vera med, men som ikkje har blitt spurt. Høyrer dei ikkje frå oss, så er det berre å ta kontakt.

Les meir om

Kultur Festivalar Osfest