Kultur | 21. mars 2013

Nytt system for blues-billettar

Fredag er det blueskveld på Peppes, og De Musikalske Dvergene er prøvekaninar for arrangør Osøren sitt nye billettsystem til årets festival.

Nytt system for blues-billettar
Tor Egil Hylland, Hans Bjørn Bakketeig og Gunnar Nagell Dahl i Osøren-styret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. mars 2013 21:12

– Vi prøver eit system frå TicketCo, som vi har plan om å bruka på Osøren Blues & Jazzfestival i år, seier Gunnar Nagell Dahl.

Med TicketCo får du billettane tilsend på epost.

– No treng ikkje folk henta dei eller venta på å få billettane i posten. Du skriv dei ut sjølv eller bruker QR-kode og tar med mobiltelefonen din.

Dvergar med garanti

I morgon fredag er det blueskveld på Peppes igjen. Eit band som ikkje akkurat speler blues, men som er gode på noko som blues er kjent for, å improvisera, står på scenen.

– Vi gler oss veldig til å ta imot De Musikalske Dvergene på Peppes. Dei kjem med mottoet: Garantert ambisjonslaus rock! men eg trur eg kan garantera ein veldig kjekk kveld.

De Musikalske Dvergene består av Helge Grønhøug (gitar og vokal), Arne Grønhaug (sologitar og vokal), Erling Hjertnes (bassgitar og kor), Tom Harry Halvorsen (piano/orgel, trekkspel og vokal) og Willy Korneliussen (visp, rasp, skrujern og slagverk).

– Og det nye billettsystemet er denne veka brukt mykje, seier Gunnar.

Berre eitt slepp til no

Årets festival blir arrangert helga 28. til 30. juni. Til no er Johnny Winter einaste artist som er sleppt.

– Programsleppet blir første veka i mai, med eit lite arrangement rundt sleppet. Vi kjem kanskje med nokre artistar på førehand, ein gong etter påske, seier Gunnar Nagell Dahl.

Midtsiden samleside: Osøren Blues- & Jazzfestival

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.