Lokal | 29. juni 2015

Nytt uteområde til 1,4 millionar

Ungar og tilsette i Os Barnehage kan gle seg over ein heilt ny boltreplass utandørs.

Nytt uteområde til 1,4 millionar
Os Barnehage har fått nytt uteområde. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. juni 2015 12:57

Bildeserie:

Etter mykje jobb med drenering blei nytt dekke lagt på leikeplassen. (Foto: KVB)
Etter mykje jobb med drenering blei nytt dekke lagt på leikeplassen. (Foto: KVB)
Eige amfi. (Foto: KVB)
Eige amfi. (Foto: KVB)
Ein ny, dekorativ bekk. (Foto: KVB)
Ein ny, dekorativ bekk. (Foto: KVB)
Kunstig bark. (Foto: KVB)
Kunstig bark. (Foto: KVB)
Torunn Paus og Dag Søfteland fekk blome av Line Rye. (Foto: KVB)
Torunn Paus og Dag Søfteland fekk blome av Line Rye. (Foto: KVB)
Ungane fekk plastbøtter. (Foto: KVB)
Ungane fekk plastbøtter. (Foto: KVB)
Line Rye, Liv Jansen og Irene Ullensvang. (Foto: KVB)
Line Rye, Liv Jansen og Irene Ullensvang. (Foto: KVB)
Søviknes klar for snorklipping. (Foto: KVB)
Søviknes klar for snorklipping. (Foto: KVB)
Men først var det song. (Foto: KVB)
Men først var det song. (Foto: KVB)
Full fart ut for å leika. (Foto: KVB)
Full fart ut for å leika. (Foto: KVB)
Dei fleste apparata er nye, men ikkje alle. (Foto: KVB)
Dei fleste apparata er nye, men ikkje alle. (Foto: KVB)
Grab fylt med is var eit stilig stunt. (Foto: KVB)
Grab fylt med is var eit stilig stunt. (Foto: KVB)
Ikkje alle fekk med seg festen. (Foto: KVB)
Ikkje alle fekk med seg festen. (Foto: KVB)
1 av 13

I dag, 1 år og 4 månadar etter at nybygget sto ferdig, opna Os Barnehage uteområdet pånytt. Nesten heile tomta og alt leikeareal utanom asfalten rundt barnehagen er fornya.

– Det var svært dårleg drenering på tomta og det har vore eit mareritt å ha teknisk drift. Det var også krevjande masse for entreprenørane å jobba med, fortel avdelingsleiar Dag Søfteland i teknisk eining i Os kommune.

I dag takka han prosjektleiar Torunn Paus og entreprenørane Os Anlegg AS og Sandvik Bygg AS for godt gjennomført jobb - frå 4. mai til i dag.

– Starten blei litt tung, med ein mobilkran som flytta vekk leikehyttene. Kranen sleit med leira som ligg her, fortel Robert Kaastad frå Os Anlegg.

Han seier det har blitt laga 125 meter med dreneringsgrøft, kjørt vekk 25 lass med leire og jord og henta inn 120 tonn singel og 240 tonn pukk.

Fekk mykje for pengane

Resultatet er strålande. På toppen av dei nye, drenerande massane har barnehagen fått eit stort område med vedlikehaldsfritt fallunderlag, mange nye leikeapparat, eit lite amfi og ein dekorativ bekk med rennande vatn av den velkomne sorten - rett i ein kum.

Uteområdet blei opparbeidd etter budsjett, 1,4 millionar kroner eks meirverdiavgift.

– Os Anlegg har dessutan skaffa oss klasse A-stein til klasse B-pris og Sandvik Bygg har sponsa med mykje gratis jord, fortel Søfteland.

Om det å innrømma

Både rådmann Knut Terje Rekve, varaordførar Marie Lunde Bruarøy, kommunalsjef Line Rye og ordførar Terje Søviknes var med på opninga.

Søviknes klipte snor saman med assisterande styrar Liv Jansen. Men først ville han innrømma noko for ungane.

– Å innrømma noko betyr gjerne at du har gjort noko gale. Og då barnehagen opna så lovde eg å koma tilbake til dette med planter, men det gjorde eg ikkje.

– Eg lovde to frukttre, men dei kom eg aldri med, så i dag har eg med meg fire frukttre, fortalte han, før ungane blei oppmoda om å tippa kva frukt det var.

Dei som tippa eple og plomme hadde rett, dei som tippa paprika og appelsin blei kanskje litt skuffa.

7 fulle avdelingar

Os Barnehage har, med åtte avdelingar, kapasitet til 150 born.

Jansen fortel at Os Barnehage, som i fjor stengte den 8. avdelingen, har ganske fullt med 129 ungar.

– No startar 27 av desse på skule til hausten, men det kjem inn omtrent like mange, så det er få ledige plassar og ingen plan om å opna den 8. avdelingen med det første.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.