Lokal | 30. apr. 2019

Nytt vegstykke opna i går

Endra køyremønster og fjerna fartshumpar på E39 ved Svegatjørn.

Nytt vegstykke opna i går
Denne traseen retning Bergen opna måndag kveld. (Foto: Geir Brekke, Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. apr. 2019 06:55

Før helga var det fresing, asfaltering og dirigering på E39 ved Svegatjørn.

Måndag klokka 20 opna det som skal bli avkøyrsle frå E39 når nyevegen opnar i 2022, men som i resten av anleggsperioden utgjer ein del av dagens E39 mellom Ulven og Tøsdalsskiftet retning Bergen.

Det betyr at trafikk frå Halhjem og Moberg, som skal vidare til rundkøyringa ved Tøsdalsskiftet (Meny og UnoX), ikkje treng å køyra oppom Ulvenvegen.

Trafikk mot Halhjem går framleis om Ulvenvegen.

Samtidig er fartshumpane mellom Svegatjørn og Ulvenvatnet fjerna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.