Lokal | 19. juli 2010

Nyttig NAV-erfaring

- Eg har blitt godt mottatt og det har vore ei lærerik oppleving, seier stortingsrepresentant Laila Reiertsen, etter å ha besøkt tre NAV-kontor i Hordaland.

Nyttig NAV-erfaring
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. juli 2010 07:23

Osing og stortingsrepresentant Laila Reiertsen (Frp) blei saman med dei 12 andre i arbeids- og sosialkomiteen invitert til å hospitera på ulike NAV-kontor i sommar.

Laila var blant dei sju som takka ja, og no har ho blitt betre kjent med korleis kvardagen er hos NAV både i Os, Årstad og Bergen.

- Eg blei veldig godt mottatt ved kontora, og har lært ein god del om korleis kvardagen er både i den statlege og den kommunale delen av NAV.

- Fleire brukarar har lete meg vera med på samtalar, noko eg synes er veldig fint gjort av dei, og det noko av det som har vore med på å gjera det å sjå NAV frå innsida som veldig nyttig, seier Reiertsen.

Betre telefonteneste
Laila sin «praksisperiode» i NAV starta med ein heil dag på NAV i Os tysdag 5. juli. Trine Øvreeide frå den statlege delen og Elin Johanne Klyve frå den kommunale delen av NAV.

- Vi synes det er positivt at ho kjem og ser korleis det er på denne sida av skranken, synes Klyve.

Noko av det Reiertsen i forkant hadde inntrykk av var utfordringa generelt hos NAV, var dette med tilgjenge og venting på telefon.

- Det er noko vi også merkar, men eg meiner det har betra seg hos oss. Likevel kan all venting kjennast ut som lang venting, så det er framleis noko vi jobbar med å bli betre på.

Grøn linje til NAV er eit forslag frå Reiertsen som Klyve støttar.

Mangelvare i Os: Bustad
Blant andre utfordringar for NAV Os er det å skaffa folk bustad.

- Anten det er ungdom som er utan skule og jobb eller for eksempel vaksne mødrer som blir åleine og treng husvære til seg og ungane, så kan det vera vanskeleg å finna bustad i rett prisklasse, fortel Klyve.

Det høgaste NAV kan godkjenna i husleige er 6500 kroner. Då blir det ikkje så mykje å velja i. Også kommunale bustadar er mangelvare.

- Her ser vi også nærmare på eksisterande bruk av kommunale bustadar, for å få litt meir sirkulasjon i desse.

Vil tilbake
Reiertsen har blitt betre kjent med utfordringane i både Os, Årstad og Bergen. Med sin bakgrunn som leiar i helsevesenet blei også drift, personalansvar og sjukefråvær diskusjonstema.

- Eg hadde mange interessante samtalar desse dagane, og fekk vera med på både det å sjå konkrete saker løysa seg, og det å diskutera interne utfordringar.

- Denne form for feltarbeid og direktedialog med NAV er noko vi i komiteen bør gjera med jamn frekvens, alle saker har minst to sider, og på denne måten er det lettare for oss å sjå begge. Eller alle, seier Laila Reiertsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.