Observerte du drone i går?
Politiet informerer om kvar dronen kom frå.


I 15.20-tida i går, måndag 13. april, mottok politiet ein melding om aktivitet.
Take-off frå Ulven
Meldinga kom frå Ulven leir.
– Det ville bli flydd med drone fram til rundt klokka 22, seier politioverbetjent Anne Lyssand, ved Bjørnafjorden politistasjon.
Kva droner som var i lufta, eller kva operasjonar dei utførte er ikkje oppgitt.
Ifølge Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) speler droner ein stadig viktigare rolle i både forsvar og sivilsamfunn.
Satsingsområde
Oktober 2025 blei det kjent at det er oppretta eige droneprogram for Hæren, og at Forsvaret skal bruke 1,5 milliardar kroner til testing og innovasjon av droner over dei neste ti åra.
– Då kan vi følge utviklinga slik at vi har moglegheit til å skalere opp og utvikle nye kapasitetar på dette området, uttalte hærsjef Lars S. Lervik den gongen, i ei pressemelding.
FFI skriv at dei mellom anna jobbar med å undersøke korleis maritime droner kan brukast til overvaking, minerydding og ubåtjakt, korleis Forsvaret kan bruke ubemanna køyretøy og robotar, og korleis dronesvermar kan brukast til overvaking og presisjonsvåpen.
Fleire droner
I relaterte saker nedanfor finn du fleire saker om droneaktivitet, eller saker der droner har blitt brukt for å gi deg overblikk.
I artikkelserien Los i Os, får du, ved hjelp av drone, turguide i levande bilde til naturperler rundt Os.
Om du foretrekk å utforske meir heimlege trakter, gir artikkelserien Nabolaget deg fugleperspektiv over bygd og bygg.











