Sport | 12. okt. 2009

Odds på MidtsidenCup

No kan du satsa pengar på naboen. Betsafe.com har nemleg sett opp odds på alle laga i årets MidtsidenCup.

Odds på MidtsidenCup
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. okt. 2009 11:20

- Dette er midt i vår nye sjanger: win on almost anything/my odds idea, så det er veldig kjekt å setja odds på slike event, seier oddssetjar Bjarthe Westerheim i speleselskapet Betsafe.com.

På oppdrag av Midtsiden.no, med litt statistikk frå tidlegare resultat og stall-oppdateringar, har selskapet sett opp odds på alle laga i årets MidtsidenCup.

- Vi trur dameklassen og mixklassen blir dei jamnaste, medan Søndagsklubben i herreklassen er den største favoritten til 1,90 i vinnarodds, seier Westerheim.

SJÅ ODDS PÅ ALLE LAGA HER!

Strønen kan avgjera mixklassen
Betsafe.com trur Tilbake til fremtiden (1,90 i odds) og Vi på vingen (2,10) kjem til å kjempa i toppen i dameklassen.

Ein god keeper har mykje å seia i 7-ar fotball. I mixklassen har dei 2,4 i odds på God Blandet, med Os 2-keeper Anders S. Strønen. God STIL og tittelforsvarar Team Fiasko er også venta å kjempa i toppen.

Frå målvakt til manager
I herreklassen er det Søndagsklubben (1,9) som får favorittstempelet, framfor Yorkshire no 1 (2,8), Vågshaugen City (3,2), Bikkjo (6,0) og T. Ullrich (6,0).

- Eg står ikkje i mål for Yorkshire i år, det har eg ikkje helsa til, seier Brynjar Øvstedal.

Øvstedal skadde seg under MidtsidenCup i fjor, frå sidelinja riktignok, og har tatt rolla som manager i år. Men ikkje for kameratane i Leeds-supportargjengen.

- Yorkshire er favorittar
- Eg skal ta med av norensingane i Søndagsklubben, seier Øvstedal, som ikkje er eining i rangeringa til Betsafe, sjølv om det nye laget hans tok 2. plassen i fjor.

- Tufte, som vann i fjor, var tydelege på at Yorkshire var laget som gav dei tøffast motstand. I tillegg har Yorkshire fått to stjerner frå Tufte, som ikkje stiller i år. Karl Ole "Torres" Lyngbø og Morten "Gerrard" Halhjem er jo livsfarlege, seier Brynjar, og kastar favorittstempelet over på "gamleklubben" sin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.