Lokal | 28. juni 2011

Oen på uriaspost

Kenneth Oen er i sving med å få fotoboksar på plass langs Halhjemsvegen.

Oen på uriaspost
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. juni 2011 10:27

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden på Facebook

I mai blei det kjent at Os kommune får sine første ATM-boksar, i begge retningar på Halhjemsvegen skal fotoboksar på plass.

Då vi skreiv om saka 10. mai var det ikkje bestemt kor tid boksane skulle koma på plass, men no skjer det ting i området der dei skal monterast.

På heimebane

Måndag blei fartsmålaren retning Halhjem fjerna, tysdag var det graving av grøfter. I gravemaskina til Mesta sit osingen Kenneth Oen.

– Kollegaene mine presiserte at eg måtte få ei open gravemaskin, så eg kunne sitja her til spott og spe i eiga heimbygd, ler Kenneth.

Kollegaene rekna ikkje med at fotoboksane blir populære hos alle.

– No blir det vel eg som får kjeften når nokon blir tatt, fleipar maskinføraren som saman med Jørn Skibenes er i full sving langs E39 i dag.

I drift frå august

I nærleiken av der fartsmålaren stod kjem den eine ATM-boksen, den andre kjem på motsett side av vegen, rett nord for Lepsøykrysset.

Halhjemsvegen har nyleg blitt redusert frå 80 til 70-sone, men kor tid skal farten byrja å bli overvaka av dei komande boksane?

– Mesta bruker nok cirka ei veke på å få grøfter og fundament klart på begge sider av vegen. Så kjem sjølve boksane opp, seier Arne Kleiveland frå Statens vegvesen.

Kleiveland, som nyleg gjekk av med pensjon, men no er inne som konsulent, seier boksane likevel ikkje kjem i drift før ferien.

– Vi ventar på innmaten så dei kjem ikkje i drift før ein eller annan gong over ferien, truleg i august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.