Tina Bøe Buer (MDG) vil ha tiggeforbodet fjerna, Mikal Leigland (Sp) meiner kommunen i så fall nører opp under kriminell aktivitet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tina Bøe Buer (MDG) vil ha tiggeforbodet fjerna, Mikal Leigland (Sp) meiner kommunen i så fall nører opp under kriminell aktivitet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

For og mot tiggeforbod

I går blei det røysta over politivedtektene til Bjørnafjorden kommune.

Kjetil Vasby Bruarøy
18. desember 2019 - 13:00

Os kommune har hatt forbod mot tigging sidan sommaren 2017.

I framlegg til «Forskrift om politivedtekt for Bjørnafjorden kommune», som blei behandla i kommunestyret i går, står det i paragraf 2-4:

«Tigging på offentleg stad eller frå hus til hus er forbode.»

• Sakspapir på bjornafjordenkommune.no 
• Video av debatten på bjornafjorden.kommunetv.no

Tina Bøe Buer (MDG) var første på talarstolen. Ho ville ha tiggeforbodet fjerna før vedtak av forskriften.

– Forbodet rammer ei bestemt folkegruppe, noko som er eit brot på menneskerettane, sa Buer, og las dessutan frå eit prinsippvedtak i Høgre sitt program som seier at «alle menneske har rett på å be om hjelp, også når det skjer i form av tigging».

– Eg forstår at forbodet gjer politiet sin jobb enklare, men dei har andre verktøy dei kan bruka til å bekjempa organisert kriminalitet, meiner ho.

Marie Lunde Bruarøy (H), som var ordførar då ho i april 2017 tok initiativ til forbodet, sa ho kjente godt til prinsippvedtaket. Ho ville likevel stema for å halda på forbodet, men fristilte Høgre si kommunestyregruppe til å stemma på det dei ønskte.

Å vera feig eller å støtta kriminalitet?

Asle Olsen (SV) støtta Buer, det same gjorde Bjarte Samnøy (KrF).

– Det er utruleg feigt av oss som har alt vi treng, å seia at andre ikkje skal få be om hjelp, sa Samnøy.

Harald Lekven (uavhengig) sa at han ville lytta til dei som har skorne på, altså til sine tidlegare kollegaer i politiet.

– Forbodet har hatt resultat, det har blitt slutt på det vi fleire gongar har opplevd som aggressiv tigging utanfor butikkar og kjøpesentre. Såpass skulda vi innbyggarane våre. Når tiggarane kan sitja heile dagen i regnvêr og blir henta i ein dyr Mercedes om kvelden, ser det ut til å vera organisert, men det er klart at politiet bruker skjønn og at dei ser enkeltmenneske oppi det heile.

Torgeir Skjælaaen (MDG) han meiner det er samfunnet sitt ansvar å beskytta dei som har det vanskeleg, ikkje dei som synest det er ubehageleg å sjå nokon som har det vanskeleg. Gisle Hesjedal (Ap) sa, som i behandlinga i 2017, at han helst ville sett at det var eit nasjonalt forbod, men at lokale forbod var å skyva problemet over på nokon andre.

Så tok varaordførar Mikal Leigland (Sp) ordet.

– Eg har ofte vore på ferie i Lillesand, der det no er tiggeforbod, og sett korleis tiggarane blei køyrde inn til sentrum og kom ut av bilane i bakgatene for å starta med tigginga. Ikkje betalar dei skatt, ikkje er dei beskytta av arbeidsmiljølova.

– Vi må hugsa på at det ikkje er våre eigne borgarar som tiggar, det er tilreisande folk som kjem til Noreg og organiserer og gjennomfører dette. Inntil nasjonalt forbod er på plass så kan ikkje vi som kommune nøra opp under sånn kriminell aktivitet ved å opna for tigging.

MDG sitt forslag om å fjerna paragraf 2-4 frå forskrifta fekk 14 stemmer (3 MDG, 8 Ap, 1 Sp, 1 SV og 1 KrF), med andre ord blei det ikkje fleirtal.

Kommunedirektøren sitt framlegg blei etterpå vedtatt med 31 mot 4 (3 MDG og 1 SV) sine stemmer.

Vedtekter om song og snøballkasting

Visste du at du må melda ifrå til politiet viss du vil framføra song på offentleg stad?

Eller at born under 15 år ikkje har tilgang til offentlege arrangement utan foreldre, med mindre det er ei øvre aldersgrense på 18 år på arrangementet?

Her er nokre punkt frå politivedtektene:

§2-3. Song og musikk, reklame m.m.:

• Den som på eller ut mot offentleg stad vil framføre song eller musikk, skipe til framsyning eller gjere bruk av høgtalar, må på førehand gi melding til politiet, jf. §7-2.

• Det same gjeld den som på eller ved offentleg stad ønsker å dele ut eller spreie opprop, lysingar, reklame e.l., eller bruke gåande, køyrande eller flygande reklame.

§ 2-5. Farleg eller skremmande verksemd

På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

1. å skyte med gevær eller anna skytevåpen eller med paintball, softgun, boge, sprettert e.l.,

2. å brenne av krut, fyrverkeri eller sprengstoff utan at politiet har gitt løyve. Det er ikkje krav om slikt løyve for godkjent fyrverkeri som skal nyttast i tidsrommet 31. desember kl 18.00 til 1. januar kl 02.00.

3. å kaste eller sleppe stein eller flasker, snøballar eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

§ 6-1. Kyrkjegard og gravplass

På kyrkjegard og gravplass er det forbode å sykle, ake, drive sport, leike, eller anna som ikkje sømer seg der.

§ 7-3. Offentleg arrangement som barn har tilgang til

Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg allment tilgjengeleg tilstelling utan at dei er saman med foreldre eller andre føresette.

Politiet kan ved arrangement som er rusfrie med ei øvre aldersgrense på 18 år og stengetid kl 01:00, gjera unntak for born mellom 13 og 15 år.

Les meir om

Lokal Politikk