Kultur | 12. okt. 2017

Også Catten startar fotballpub

Os får no to sportsbarar vegg i vegg.

Også Catten startar fotballpub
Catten Nightclub opnar med fotballpub på fire skjermar om ein veke eller to. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. okt. 2017 07:02

I går fortalde Hanne’s Konditori & Musikkbar at dei utvidar tilbodet med fotballpub. Puben opnar med Leeds-Reading førstekomande laurdag.

Fredag i førre veke teikna Catten Nightclub same lisensar, og om 1-2 veker byrjar dei å visa både Premier League og Champions League.

– Ein månad etter at Solsiden stengde byrja folk å spørja, men på den tida hadde eg det travelt med etablering av utestaden Empire, fortel innehavar Bjarte Andersen.

Når alt er montert, om ei veke eller to, vil han visa fotballkampar på inntil fire skjermar.

– Catten er jo godt eigna, med fleire avdelingar og mange gode sitjeplassar. Det er berre å hoppa i det, tenkte eg, og bestilte.

God support

Han fryktar ikkje at det skal bli for dårleg marknad når det no blir to sportsbarar i Os.

– Både supporterklubben Liverbirds og ei større gruppe med Manchester United-fans har vore ivrige og bedt om fotballpub. Eg trur det blir eit godt supplement til resten av utvalet vårt.

Som følgje av det nye tilbodet blir opningstidene utvida til også å inkludera dagtid laurdagar, søndag og nokre av kvardagane før torsdag - justert etter kamp-program frå veke etil veke.

Andersen understreker at alle eksisterande tilbod blir som før.

– Vi held fram med quiz kvar torsdag og livemusikk og DJ kvar helg, annakvar helg med pianobar og trubadur.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.