Bystrandfestivalen skulle arrangerast her, på Marineholmen i Bergen.
Bystrandfestivalen skulle arrangerast her, på Marineholmen i Bergen.

Også Hylland har kasta inn handkledet

Bystrandfestivalen er avlyst. Kva med Osfest 2021?

Kjetil Vasby Bruarøy
28. april 2020 - 13:54
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Os Live AS, firmaet bak Osfest, har avlyst Bystrandfestivalen, som dei skulle arrangera på Kong Christian Fredriks Plass på Marineholmen 14. og 15. august.

Meldinga kom måndag kveld, etter at blant andre Tysnesfest og Folk & Fjord i helga avlyste etter regjeringa laurdag kom med retningslinjer som gjeld fram til 1. september.

Postgirobygget, Madcon, Stage Dolls og Kakkmaddafakka var dei fire første annonserte banda til festivalen.

– Vi selte faktisk to billettar til laurdagen, då Kakkmaddafakka sto på plakaten, etter at same band hadde livestreama konsert i starten på koronakrisa. Det er tydelegvis enkelte som trur på eit liv etter «svartedauen», seier Tor Egil Hylland.

– No jobbar vi med ny avtale med grunneigarar, og å finna ein dato for Bystrandfestivalen 2021. 

Godt mottatt

Den nye festivalen fekk ein god start og selte for rundt 200.000 kroner i billettar i løpet av drygt tre veker i februar.

– Eit par osingar og fusingar var blant dei første billettkjøparane, elles var det mykje i Bergen og ein del i Stavanger.

I tillegg hadde dei fått henta inn ein halv million kroner i sponsorinntekter.

– Det er først etter påske du som arrangør av sommarfestival verkeleg får måla responsen. Den mista vi jo, men vi er optimistiske med tanke på neste år.

Tor Egil Hylland jobbar no med å finna dato til Bystrandfestivalen 2021. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tor Egil Hylland jobbar no med å finna dato til Bystrandfestivalen 2021. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kva med Osfest 2019 og 2021?

Grusbanen som Osfest brukte skal i juni gravast opp for å bli parkeringshus. Svake besøkstal i 2019 og mangel på godt alternativ til festivalplass i Os sentrum var blant årsakene til at Os Live ville satsa i Bergen i år.

– Var 2019-rekneskapen for selskapa bak Osfest sånn at det er kritisk å ikkje få tena pengar i år?

– Nei. Os Live AS gjekk med overskot, Konsert & Festivaldrift AS gjekk med underskot. Som året før. Men vi har samla overskot frå 2018 som vi tar med oss i 2019, og vi har god dialog med leverandørane.

– Kan det bli både Osfest og Bystrandfestival i 2021?

– Nei, vi planlegg for éin festival neste år. Det er mogleg vi ventar til ny E39 mellom Bergen og Os er klar, altså til 2023, før vi vurderer å laga Osfest igjen. Kanskje kan den òg bli ein festival som blir køyrd annakvart år, noko andre har hatt suksess med.

Osfest 2019 fekk ein våt slutt. (Foto: KVB)
Osfest 2019 fekk ein søkkvåt slutt. (Foto: KVB)