Kultur | 05. juni 2009

OKK har fått namn

Os kunst- og kultursenter får namnet Oseana. Rådgjevarane sin strategi legg dessutan opp til smakfulle opplevingar i senteret som er under bygging.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. juni 2009 13:26

Bildeserie:

1 av 6


Os kommune har brukt støtte frå Visjon Vest til konseptutvikling i samarbeid med kommunikasjonshuset Melvær & Lien i Stavanger. Etter rundt eit halvt år med arbeid var kommunen i dag klar for å presentera namnet på senteret: Oseana.

- Vi ville gje senteret eit særnamn. Oseana er meir enn eit lokalt kulturhus med ei kunstutstilling, prodjektet er stort og unikt, det ligg i regionssenter og det har potensiale til å bli eit trekkplaster både nasjonalt og internasjonalt, seier ordførar Terje Søviknes.

Os, sjø - og kanskje litt amerikansk blues?
Fleire forslag til nytt namn kom på bordet under "dåpsdiskusjonane", men Oleana og Oseana skilte seg tidleg ut. Ole Bull sitt Oleana, nybyggarområdet han jobba med i Pennsylvania, har også gjeve namn til eit klesmerke.

- Oseana har litt Os i seg, og gjev også assosiasjonar til Ole Bull. Like passande er det at namnet kan gje assosiasjonar til sjøen, ocean, der det ligg på Mobergsneset.

I presentasjonen Søviknes hadde i dag, sto også Louisianna som eit av orda Oseana kan minna om. Med over 10 år lange blues- og jassfestivaltradisjonar i bygda, kan kanskje det nye namnet på senteret få hjarta til å hamra i ny takt.

Norsk Sjømatsenter på banen
I sin analyse har Melvær & Lien funne ut at Oseana-prosjektet er god på mykje, men har ein del å henta på gastronomiske opplevingar.

- Derfor har vi engasjert Norsk Sjømatsenter for å laga ein plan på korleis vi kan gjera Oseana til eit senter der også matkunst blir presentert.

Dette kan gjera at kjøkkenet blir noko utvida i det som først var tenkt som kafé, men som no kan bli gourmet-restaurant, i alle fall på kveldstid.

- Vi kan komma til å måtta utvida dei økonomiske rammene noko, men på driftssida kan dette koma til å bli eit fint bidrag, trur ordføraren.

Logo, fargar og figurar
Logoen og den grafiske profilen for senteret tar utgangspunkt i dei karakteristiske trekka ved sjølve bygningen.

Melvær & Lien har teikna ein eigen font å skriva namnet med. Dei har også funne eit utval fargar dei meiner passar langs kysten, med same bue som solcelleseglet. Desse kan setjast saman med logoen, eller stå for seg som dekor på plakatar og skilt.

KVA SYNES DU OM NAMNET? LOGG INN FOR Å KOMMENTERA ARTIKKELEN.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.