Lokal | 20. jan. 2017

Økland ny leiar for Kystsogevekene

Kjell Magnus Økland, som før jul kom med boka om Oselvaren, er tilsett som ny dagleg leiar av Kystsogevekene.

Økland ny leiar for Kystsogevekene
Kjell Magnus Økland, her under eit foredrag i oselvarverkstaden, er tilsett som ny dagleg leiar i Stiftinga Kystsogevekene (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 20. jan. 2017 09:24

Stiftinga Kystsogevekene, som er eit samarbeid mellom 22 kommunar i Hordaland, Gulen og Hordaland Fylkeskommune, har tilsett Kjell Magnus Økland som ny dagleg leiar etter Lena Eikeland Kutschera.

Økland gav i oktober ut praktverket «Oselvar - den levande båten», eit 550 siders oppslagsverk om noregs nasjonalbåt. Han var òg den som fekk oppdraget med å skriva nominasjonsframlegget som fekk Oselvarverkstaden inn på Unesco si kulturarvliste for gode vernepraksisar.

– Han har tidlegare arbeidd som journalist og lærar og har drive seglopplæring, arrangert regattaer for både joller, eintypebåtar, havkappsegling og kapproing. Vidare er han ein aktiv regattaseglar, skribent, fotograf og foredragshaldar der han gjerne formidlar maritime tema. Med hans bakgrunn og nettverk er han rette mann for Kystsogevekene, skriv Børge Haugetun, styreleiar i Stiftinga Kystsogevekene i ei pressemelding.

Økland er oppvaksen på Tysnes og har brei erfaring frå kulturarbeid. Han har mellomanna sete i styre og stell sidan 1990 i organisasjonar som Bålaget Njord/Tysnes, Oselvarklubben, BSI/Segling, Hordaland Seilkrets, Ran Seilforening, Shetland Race og Forbundet Kysten.

Økland byrja i stillinga 9. januar.

Dette er Kystsogevekene

Kystsogevekene finn stad kvart år i august og september og er eit samarbeid mellom 22 kommunar i Hordaland og Gulen kommune og Hordaland Fylkeskommune. Kystsogevekene er sett saman av dagar der folk møtest og delar gode opplevingar: båtturar, aktivitetar, konsertar, føredrag, kulturvandringar, marknader og utstillingar. Bak dei ulike arrangementa står ei stor gruppe lokale eldsjeler som er stolte av eigenart og tradisjonar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.