Lokal | 11. juli 2012

– Økonomien ser bra ut

Ombygginga av Os ungdomsskule. - Tilboda ser ut til å ligga innanfor budsjettramma, seier rådmann Knut Terje Rekve.

– Økonomien ser bra ut
Til hausten startar ombygginga og rehabiliteringa av Os ungdomsskule (fotomontasje: Andris Hamre/Rambøll Norge AS)
Andris Hamreonsdag 11. juli 2012 09:17

Rett før fellesferien gjekk fristen til å koma med tilbod på ombygginga av Os ungdomsskule ut. No har rådmannen og hans stab kikka på tilboda og trekk eit lettelsens sukk.

- Totalt sett ser det bra ut.

- I motsetning til utbygginga på Nore Neset har vi for ombygginga i sentrum vald å legga opp til delte entrepriser, noko som er mest praktisk i høve til ei rehabilitering/ombygging, fortel rådmann Knut Terje Rekve.

Budsjettramma for ombygginga av ungdomsskulen ligg på omlag 80 millionar kroner.

Skal kvalitetssikra tilboda

Framleis gjenstår det å kvalitetssikra dei innkomne tilboda før entreprenørane blir valde.

- Vi har berre hatt ein kjapp gjennomgang så langt, men totalt sett ser det bra ut.

- Nokre av entreprisane ligg litt over det vi rekna med, men andre ligg litt under.

- På grunn av ferieavvikling vil det nok fort gå tre veker på kvalitetssikringa. Vi må sikre oss at alt som skal vera med er det, forklarar rådmannen.

Oppstart utpå hausten

Prosjektavdelinga i kommunen har orientert leverandørane korleis tidsplanen ser ut og når dei kan forventa svar.

- Sidan det no går litt tid på kvalitetssikringa reknar eg ikkje med at sjølve arbeidene på skulen tek til før litt utpå hausten, avsluttar Knut Terje Rekve.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.