Lokal | 21. apr. 2011

Øksa på Oseana

Midtsidens påskekrim, del 1 av 3: Eit ekkelt kommunestyremøte.

Øksa på Oseana
Oseana.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. apr. 2011 07:42

Midtsiden serverer i år, for første gong, ein påskekrim. ”Øksa i Oseana” er ei forteljing med persongalleri, stadar og relaterte hendingar frå Os i dag, men handlinga er oppdikta. Personane har fått omskrivne namn (vi pubilserte først med rett namn, men har uoppfordra endra dette seinare same dag), av fleire omsyn, blant anna for å hindra at utdrag av teksten skal hamna på eksterne nettsider og bli misforstått. Øksa i Oseana er delt i tre. Dei tre delane blir publisert skjærtorsdag, langfredag og påskeaftan. Tekst: Andris Hamre og Kjetil Vasby Bruarøy.

Oseana, Mobergsneset, tysdag 3. mai kl 8.55:

Dette var ein spesiell tysdag på fleire måtar. Kommunestyret skulle samlast på dagtid, ikkje klokka 17 som normalt. Og kommunestyremøtet skulle haldast i Oseana. Men for varaordførar Marie Bruøen var Terje Søvikfjes sitt fråvær det som plutseleg gjorde morgonen uvanleg.

”Ta no telefonen, då!” sa ho høgt til seg sjølv, så høgt at ho slukte dei siste orda då Janniche brått svarte: ”Søvikfjes” i andre enden.

Marie var så stressa at ho ikkje klarte å vera like roleg og munter som kona til ordføraren.

”Har du peiling på kor Terje er?”

”Er han ikkje på jobb, då? Eller på møte i Oseana, var det ikkje det han skulle?”

Det er ikkje lett å halda følgje med verken Terje eller timeplanen hans. Janniche meiner han jobbar plenty for kvar av kronene den godt betalte ordføraren tener. Måndag hadde som vanleg vore ein kveld utan Terje i sofaen og Janniche hadde sovna før han kom heim. Det var rett nok litt uvanleg at han hadde stukke på jobb så tidleg tysdag morgon utan ei melding eller ei lita helsing på ein lapp på kjøkkenbordet. Men kona forsto at det kunna skje ting som gav han meir enn nok å tenkja på.

”Ikkje bli uroleg, det er sikkert noko som har dukka opp. Eg er berre litt stressa når det er ingen på rådhuset som har sett han og kommunestyremøtet startar om fem minutt. Det er ulikt han, men samstundes er det mykje aktivitet fleire plassar no, han er sikkert i brakkene til entreprenørane eller noko. Men send meg ei melding om du høyrer frå han” sa Bruøen.

Ho la på så fort at ho ikkje fekk med seg at Janniche bad om det same.

Klokka 9.02:

I det som snart skulle bli kunstmuseet i Oseana sat 31 kommunestyrerepresentantar. Eller det vil seia, meir enn halvparten sto ved vindauge og småprata og naut utsikta. Det såg ut som om påsken stakk av med maikvoten på godvêr, for det var grått og nitrist på fjorden.

”Nokre små holmar, Folgefoinna på ein god dag og Fusa og Tysnes langt vekke. lite å nyta i forhold til skjergarden i Øyane”, tenkte Marie før ho heva stemma si:

”Sett dåke, vi byrjar utan Terje, så får vi heller satsa på at han gjev lyd frå seg snart”.

Så kom Oddleik Knutson nærmast hoppande ned trappene frå foajeen. Marie bad Espen Aspen (Frp) kontakta første vara allereie tre kvarter før møtet. Ho hadde ei kjensle av at Terje ikkje kom til å rekka starten på møtet i dag. ”Beklager at eg er sein, beskjeden kom litt brått på” sa Knutson og fann seg raskt ein plass ved bordet.

”Kven er det som manglar no då?” spurte Marie, denne gong med eit smil, ho var lei av å vera irritert.

”Vi må nesten vera 35 for at eg skal kunna setta møtet” la ho til, lettare fortvila. Berre 33 var på plass, inkludert varaordføraren.

”Ingrid gjekk på toalettet, men det er ei god stund sidan” sa Tore Sykkel (V).

Senterpartiet sin representant Ingrid Nettmann er ikkje kjent for å ha betre retningssans enn andre kvinner, og ho hadde ved tidlegare synfaring sagt; ”kvifor i svarten har dei bygd så mange gangar i dette huset”.

Så dukka ho opp, i uvanleg høg fart, ut mellom møterommet bak kjøkkenet og kvelvet. Så blei ho ståande, nærmast å svaia.

Kommunestyrerepresentantane reagerte spontant og samkjørt, som ein stor stim med sild der den bakre fisken reagerer nesten samstundes som den fremste endrar retning, utan at dei har visuell kontakt.

Var det uttrykket i ansiktet til Marie som fekk alle til å snu seg mot Netland, eller var det lyden av ei lydlaus Ingrid som spreidde seg i lokalet?

Det såg ut som om Nettmann prøvde å skynda seg, ho prøvde å ropa ut, men det kom svakt og skjelvande: ”Eg har funne Terje. Det har skjedd noko forferdeleg”.

Les del II her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.