Lokal | 22. apr. 2011

Øksa på Oseana II

Midtsidens påskekrim, del 2 av 3: Blod frå bil.

Øksa på Oseana II
Oseana
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. apr. 2011 06:23

Midtsiden serverer i år, for første gong, ein påskekrim. ”Øksa i Oseana” er ei forteljing med persongalleri, stadar og relaterte hendingar frå Os i dag, men handlinga er oppdikta. Personane har fått omskrivne namn (vi pubilserte først med rett namn, men har uoppfordra endra dette seinare same dag), av fleire omsyn, blant anna for å hindra at utdrag av teksten skal hamna på eksterne nettsider og bli misforstått. Øksa i Oseana er delt i tre. Den siste delen blir publisert påskeaftan. Tekst: Andris Hamre og Kjetil Vasby Bruarøy.

DEL II (DEL I KAN DU LESA HER)

Oseana tysdag 3. mai kl 09.07:

Brannøkser liknar litt ein stor hammar, 35 til 45 centimeter lang, drygt eit kilo tung og med økseblad på den eine sida og spiss på den andre. Øksene skal både kunna punktera harde vindauge og bana veg gjennom veggar og dører under redningsoppdrag.

Det heng fleire brannøkser i Oseana. Bygget, som blei overtatt av byggherre Os kommune dagen i forvegen, 2. mai, var førebels ikkje branngodkjent. Men utstyret var på plass, detektorar, sløkkeutstyr og fleire små skap med øks i.

No sto Terje Sprengevik og såg på ei brannøks som hadde vore i sving. Sprengevik, som sit i kommunestyret for TvS og jobbar som politioverbetjent ved Os lensmannskontor, hadde vore åleine om å reagera resolutt på Ingrid Nettmann si melding om funnet av ein død ordførar.

Han var ikkje den raskaste på fotballaget til lensmannskontoret lenger, men eksplosiviteten frå ungdomen sat framleis i han. Ingen slo Sprengevik i spurt på politihøgskulen. På veg til passasjen ned til sjøvassinntaket hadde han hørt Nettmann ropa etter han kva veg han skulle springa.

Synet av ein langstrekt politikarkollega fekk han til å stoppa opp. Søvikfjes er rett nok ingen ruvande figur, men han er høg og rakrygga nok til å kle den autoritære rolla si. No såg han flat og spinkel ut, som ein smoking slengt utover golvet etter eit litt for vellukka nachspiel. Han låg med ansiktet ned og ei brannøks i ryggen. Øksebladet opp, spissen djupt inn på venstre side av ryggmargen.

“Han har ikkje puls og han har ikkje pust. Han er kald, det er nytteslaust med førstehjelp” sa Nettmann. Ho hadde slått følgje med Sprengevik, hakk i hæl, og ho verka rolegare no enn då ho for to minutt sidan fortalte om funnet. Med lang fartstid i helsevesenet visste ho kva ho snakka om, likevel klarte ikkje Sprengevik å la vera å gå ned på kne og undersøkja sjølv.

“Ingrid, bli her med meg, Tore Sykkel, ta med deg resten ut i møterommet. Ingen går frå staden, ingen bruker telefonen". Resten av politikarane slo følgje ned gangen, men no tok Sprengevik styringa. Han ville ha folk unna, unngå at dei snakka med folk utanfrå og han ville halda alle i bygget til politiet var på plass. Og han ville varsla sjølv, han som visste best kva AMK ville ha av informasjon. Først 113, medisinsk naudhjelp frå Netland sin telefon, så ho kunne halda linja open medan han brukte sin eigen telefon til å varsla sine kollegaer i politiet på beste måte.

Klokka 09.10

Litt tårer, litt hulking og nokre kviskrande stemmer var lyden av dei 32 som slentra tilbake til kunsmuseet. Nokre støtta kvarandre, andre gjekk arm i arm eller klappa kvarandre trøystande på skuldrene medan sjokket jobba seg gjennom kroppen.

Så høyrde dei ein bil. Pickupen til Gustav Bohus sto nesten inne i Oseana. Bohus sjølv kom susande inn i foajeen i etasjen over og på veg ned den majestetiske trappa til forsamlinga i museet spurte han: "E da nåke action". Så gjekk det eit gufs gjennom han. Stemninga var ikkje god.

Marie Bruøen og Espen Asp kom raskt mot han. Marie klarte ikkje anna enn å henga seg rundt den store trygge bamsen for så å sleppa tårene laus medan Asp prøvde å forklara kva som hadde skjedd. "Terje er død. Dei fann han i teknisk rom med ei øks i ryggen, Gustav. Sprengevik og Nettmann er der no, vi andre skal halda oss her."

"Faen om eg skal", sa Gustav, prøvde å vera varsam då han tvingte seg fri frå grepet til Marie for å småjogga innover gangen mot Terje og Terje. Ingen prøvde å stoppa han.

Klokka 09.12

"Kva som skjer?! Ei øks? Er du sikker på at det er Terje?" "Du må vekk! Vi kan ikkje ha folk her inne!" Sprengevik hadde ikkje lyst til å stoppa Bohus, men han visste at han måtte, staden måtte sikrast, det kunne vera, og var heilt sikkert viktige spor i dette rommet innanfor.

Det blei nesten brytekamp mellom dei to kraftigaste karane i kommunestyret før Bohus segna om, som om knea svikta, og skjulte ansiktet med nevane. Han hadde ikkje kjent gråten ta han sidan han bulka sin første veteranbil. Og på ein så klumsete måte, han skulle berre plukka opp ein femkroning som ramla på golvet i bilen og vips, sto bilen med skjermen tredd rundt portsøyla til naboen.

Klokka 09.14

To bilar susar opp og parkerer ved siden av Bohus sin pickup. Først ein bil med Harde Media-logo på, rett bak var børstraktoren til brannvesenet.
Brannsjef Stein Førsund spurta inn i foajeen, der nokre av kommunestyrerepresentantane hadde trekt seg unna resten av gruppa. Han nikka kort til dei før han heldt fram ned trappa og innover i gangen.

Så kom sirenene, ambulanse, politi og resten av brannvesenet. Og ein svart Audi. Nettavisa Hinsiden.no var sjeldan langt unna der det skjedde. Men for eit sjukt namn på denne avisa.

Klokka 09.16

Det koker i Oseana. Redningspersonell vrimlar inn og ut av dørene medan alle kommunestyremedlemmane utanom Sprengevik no var samla. Ein av politibetjentane sørgja for at dei som var i bygget heldt seg på éin stad, ein annan sørgja for å halda andre ute.

Førebels hadde ikkje politiet nok folk til å hindra at Harde Media og Hinsiden sine fotografar gjekk frå knaus til knaus på utsida og tok bilde gjennom dei mange store vindauga i bygget.

Klokka 09.20

Kommunestyregruppa var samla, men rommet var stort. I ein ende for seg sjølv sat Tore Sykkel og Norvald Såtøy og snakka med låg stemme.

"Det er ikkje opp til oss å etterforska, men eg såg noko. Eg må fortelja det til Sprengevik" sa Sykkel.

"Det treng ikkje å bety noko av Bohus kom for seint til møtet i dag. Men eg såg noko anna. Det renn blod frå lasteplanet på pickupen hans."

Les del III her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.