Lokal | 24. apr. 2011

Øksa på Oseana III

Midtsidens påskekrim, del 3 av 3: Pumpa for feilt prosjekt.

Øksa på Oseana III
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. apr. 2011 07:35

”Øksa i Oseana” er ei forteljing med persongalleri, stadar og relaterte hendingar frå Os i dag, men handlinga er oppdikta. Personane har fått lett omskrivne namn, av fleire omsyn, blant anna for å hindra at utdrag av teksten skal hamna på eksterne nettsider og bli misforstått. Øksa i Oseana er delt i tre, dette er siste del.Tekst: Andris Hamre og Kjetil Vasby Bruarøy.

Les òg:
DEL I
DEL II

Oseana tysdag 3. mai klokka 09.20: Mistanken

Norvald Såtøy kunne ikkje tru sine eigne øyrer. Meinte verkeleg Tore Sykkel at Gustav hadde tatt livet av Terje? Kva skulle dei to ha krangla om, dei som stort sett er så samkjørte?

Samstundes var det mykje som peika på at Terje hadde blitt drept av nokon han stolte på, nokon som var saman med han i Oseana måndag kveld, nokon som ikkje slåss med han i forkant eller var ute etter å rana han for det han måtte ha av kontantar.

Gustav kom for seint til møtet og viss det var rett at det dryppa blod frå bilen hans burde Sprengevik få veta om det snarast.

Klokka 09.22: Uvanleg pratsam

Sykkel reiste seg frå bordet nesten før Sprengevik kom inn i rommet. Sjølv om Sprengevik var svimmel etter å ha vore tett på åstaden i eit kvarter tok han seg raskt saman, han skjønte at han måtte lytta til kva Tore hadde å seia og lét seg dra til sida for å høyra på han.

Etter tre sekund med kviskring heva Sprengevik stemma si så alle skvatt:

"Eg vil ikkje ha frøken detektiv i kvar krok her, er det forstått? Gustav måtte ta seg av ein påkjørt hjort i dag tidleg, det var årsaka til at han kom for seint, blodet frå bilen er frå kadaveret han henta."

Det var ulikt Sprengevik å tenkja høgt på denne måten, han hadde alltid vore opptatt av å vera varsam og korrekt, også lokalpressen i Os sleit med å få detaljar ut av politioverbetjenten.

"Kvar og ein skal vi inn til avhøyr, fram til då får de snakka om andre ting enn årsak og mistenkte", la han til, litt rolegare.

Han kjente han trengte luft. Sjøluft. Han nikka til betjentane som heldt vakt i det han gjekk ut og med rolege steg spaserte ned mot stupebrettet og den nye moloen.

Ingen følgte etter. Ein kunne tydeleg sjå på han at han trengte tid for seg sjølv.

Klokka 09.25: Hansken

Lyden av lett bølgjeskvulp var effektiv terapi, lett duskregn var også til hjelp. Sprengevik trengte å få både politikarkollegaer, saka og synet av ordføraren litt på avstand.

"Kva er det eg ikkje har sett i denne saka?" undrast han. Så såg han plutseleg noko; ein mørk hanske som låg mellom brua i moloen og svaberget innanfor. Eit eller anna fekk han til å fatta interesse for denne flytande saken, som han lett fiska på land med skotuppen.

"Os brannvesen" var hansken merkt med. Eit tynt spor, det visste han, men av ei eller annan årsak var det som om han såg noko for seg, som om nokre brikker ramla på plass. Alle brikkene bortsett frå motivet.

Likevel, Sprengevik følgte intuisjonen sin, noko han ofte gjorde, utan at andre visste kor mykje han stolte på denne eigenskapen mange kallar feminin overdriven tru på "magekjensla".

Han nærmast spurta opp igjen i Oseana.

Klokka 09.27: Alle var i skapet

"Om dette er eit spor trenger eg eit til, og eg veit akkurat kva eg skal sjå etter", tenkte han på veg inn mot teknisk rom.

Det var ikkje åstaden han ville sjå ein gong til, men plankartet som heng på veggen i rommet, kartet som viser alle detektorar, sløkjeutstyr ... og brannøkser i bygget.

"22. Faen og." Det blei ein lang tur i etasjane, men han tok den åleine.

Spørsmåla frå etterforskarane på åstaden var som mumling, Sprengevik kunne ikkje ein gong hugsa om han svarte på dei før han sprang frå teknisk rom på orienteringsjakt i Oseana. Dette sporet måtte han sjekka anten inn eller ut av saka.

Alle skapa var sjekka. Alle skapa var fosegla, ingen av brannøksene var brukt. Brannøksa som sto i ryggen på ordføraren var medbrakt og det første sporet gav politioverbetjenten grunn til å tru av dykkarutstyr frå Os brann- og redningsvesen hadde vore i bruk nær Oseana det siste døgnet.

Sidan både ambulanse og politi var på staden hadde ikkje brannvesenet noko oppdrag i Oseana. Brannsjefen såg trøytt og tankefull ut då Sprengevik nærma seg bakfrå.

"Kan eg få eit ord med deg, Førsund".

Klokka 09.30: Drepte feil mann

"Hm!? Klart det". Han skvatt litt til.

Sprengevik hadde sett slik åtferd før. Han fekk sug i magen. "Er eg verkeleg på rett spor?" "Kor hardt skal eg gå fram?"

"Bra. Eg har oppdaga noko uventa. Alle brannøksene i bygget er på plassen sin, i skapet. Du som har hatt godkjenninga, var det fleire økser her enn dei som står i skapa? Er det ikkje sånn at øksene kjem med skap?"

"Eh. Eg forstår ikkje", stotra brannsjefen.

"Eg trur brannøksa som står i ryggen på ordføraren er medbrakt av mordaren. Kva trur du" sa Sprengevik. Han var tydeleg og litt offensiv no, intuisjonen sa han at det var på tide å slå til.

Førsund blei stum. Kvit. Skjelven.

"Det var aldri meininga å skada Søvikfjes", sa han før han braut saman.

Klokka 09.33: Frå cobra til pyton

Sprengevik kjente ikkje til at brannsjefen og ordføraren hadde noko konflikt på gang. Visst hadde dei hatt sine delikate saker å diskutera, men dei to hadde alltid hatt ein fin tone seg imellom.

"Alt var i ferd med å rakna. Eg har lova gutta i redningsmannskapet å gå frå jobben min om ikkje den nye stasjonen får gymsal. Vi har snakka om faste treningstider saman, spreke timar i beredsskap, bedriftslag i basketball - til og med leige av zumba-instruktør for å prøva noko anna".

Sprengevik byrja å forstå motivet, alt var klart for å bygga ny brannstasjon på Moberg, med blant anna gymsal. Men vinnarprosjektet cobra blei for dyrt meinte ordføraren sin partikollega Espen Asp.

Stasjonen blei skissa på nytt, utan blant anna gymsal, noko kommunen ser ut til å spara pengar på, men ikkje så imponerande mykje i forhold til kva som blir tatt vekk.

"Stemninga på gamlestasjonen gjekk frå cobra til pyton. Dei kritiske spørsmåla hamna hos meg, samstundes kjente eg presset til å gå frå stillinga auka" sa brannsjefen.

"Kvifor ordføraren?" spurte Sprengevik. Han fekk innrømmelsen og motivet i fanget, men fekk ikkje den siste brikka på plass.

"Eg ville aldri ha skada ordføraren, sa eg jo. Eg møtte han på Os i går og han fekk ein telefon medan eg sto der med han. Det var Espen. Ordføraren bad han om å gjera han ei teneste".

Sidan Os kommune hadde overtatt bygget var det ingen av entreprenørane igjen på plassen som kunne ta imot folka som kom med styringseininga til ventilasjonsanlegget. Den førre blei skadd ved eit uhell. Leverandørane monterte den måndag ettermiddag, men computeren måtte stå med straum på i litt over ein time før den kunne starta. Men det var også viktig at den blei starta før natta, før tysdagens kommunestyremøte.

"Eg kan ta det. Eg avsluttar nok kvelden min i Oseana likevel. Det gjer eg ofte, det er ein fin plass i avslutta ein lang arbeidsdag på", sa Søvikfjes til montørane.

Men han hadde sett at arbeidsmengda hadde hopa seg opp. Dessutan hadde han ein intervjuavtale i 22.30-tida, per telefon. Asp skulle ta turen til Oseana for han, men sånn blei det likevel ikkje.

"Søvikfjes forklarte Asp kvar nøkkelen låg. Eg la dykkarutstyret klart ved moloen, for å koma meg usett frå staden, og låste meg inn tidleg på kvelden" forklarte brannsjefen.

"Ordføraren må ha fått tid likevel, kanskje intervjuet hans blei avlyst. Det var mørkt. Eg såg berre ei dongeribukse og ein dressjakke og hogg til".

"Å drepa for ein gymsal, Førsund?".

"Det hopa seg opp. Kvifor måtte stasjonen krympa og utsetjast når det elles blir gjeve meir og meir pengar til Oseana, også frå Espen som sponsor. Hjartet hans pumpa for feilt bygg" sa Førsund i det Sprengevik varsamt tok handjerna ut av baklomma.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.