Sport | 03. juli 2011

OL-gull til Grethe & Co

Grethe Søviknes var fredag med på å ta handball-gull i Spesial Olympics World Games.

OL-gull til Grethe & Co
Andris Hamresøndag 03. juli 2011 08:52

Den driftige osingen har vore med det norske handball-laget som hovudlagleiar under Spesial Olympics World Games i Athen den siste veka.

Grethe er til dagleg ein av trenarene til Os Turn sitt HU-lag og aktiv i Noreg handballforbund sitt arbeid for å leggje tilrette for handball for psykisk utviklingshemma.

- Vi gler oss alle, og det kjem nok til å bli ein opplevelsesrik tur, fortalte Grethe til Midsiden.no før avreise til Hellas.

Pre-camp på Rhodos

Det norske laget beståande av spelarar frå Trondheim, Haugesund, Sannes, Oslo og Sotra reiste til Hellas og avklimatisering ei lita veke før det braka laus i Athen.

Rhodos by var Host Town for mellomanna dei norske handballjentene og varta opp med flotte tilhøve og gode temperaturar.

- Vi koser oss, sjølv med treningar i 30 varmegrader og trege grekerar, rapporterte laget frå Rhodos.

Mellom anna fekk dei med seg då den olympiske elden blei tent i Lindos før den blei frakta til den storslåtte opningssermonien på Kallimamaron Panathinaikon Stadion kor Vanessa Williams (frå Frustrerte fruer og Ugly Betty) var vertinne og Steve Wonder eit av underhaldningsinnslaga.

Cruisa gjennom meisterskapet

Dei norske handballjentene befesta Noreg sin posisjon som nr. 1 på handballsida.

Då det ikkje er så mange land som har organisert handball for psykisk utviklingshemma blei turneringa gjennomført som dobbelserie med dei to beste til finale.

Noreg viste tidleg at dei hadde planar om å ta gullet heim då dei slo Bahrat (India) 14-4 i opningskampen.

Resten av puljespelet gjekk like glatt med 14-2 over Uruguay, 16-2 over Barhat (India) og 11-4 over Uruguay.

Slapp seg laus

I finalen mot Uruguay leia dei norske jentene "berre" 3-1 til pause, men i andre omgangen slapp jentene seg laus og drog ifrå til ein 12-3 siger.

- No skal vi stæsje oss opp til festmiddag i kveld. Det har vore ein fantastisk dag og forhåpentlegvis blir det enda betre etter i kveld, rapporterte Grethe & Co etter OL-gullet.

Spesial Olympics World Games

Special Olympics World Summer Games i Athen er eit av verdas største idrettsarrangement, med omlag 7.500 utøvarar, 5.500 leiarar og 25.000 frivillige frå 185 land over heile verda.

Special Olympics er idrett for psykisk funksjonshemma. Special Olympics World Games tilsvarar Paralympics for fysisk funksjonshemma, og olympiske leiker (OL) for funksjonsfriske.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.