Kultur | 29. nov. 2010

Ole Bull som aldri før

Til helga kan du oppleva Ole Bull som aldri før då Opera Omnia og Kulturskulen set opp Ole Bull Quiz.

Ole Bull som aldri før
Andris Hamremandag 29. nov. 2010 11:59

Regionalavisane har allereide avslutta Ole Bull-året, og det har vore Ole Bull-framsyningar opp og i mente om komponistens liv og musikk. Men ingen har satt opp ei framsyning som har fanga Ole Bull si ånd.

- Ole Bull var ganske radikal og likte å gjera ting annerleis. Framsyninga er eit forsøk på å gjera det i hans si ånd, fortel ein av kreftane bak Glenn Erik Haugland.

Saman med elevar frå Os kulturskule inviterar han til Ole Bull Quiz i Fjellheim laurdag og sundag.

Publikum ein del av framsyninga
Framsyninga blir ein multimedia-quiz der utstyr som sveive-gramofon, 8-spors-spelar, gamaldags lysbildeframvisar, videokanon og kassettspelar er nytta for å fylla Fjellheim. Publikum vil aldri vite kor i rommet neste innslag kjem frå.

- Elevane har vist ein utruleg fasinasjon for alt det gamle utstyret. Det er tydeleg at dei synest det er kjekt å få sjå det foreldra, besteforeldra og oldeforeldra brukte då dei var unge, fortel rektor Christian Breistein på kulturskulen.

Framsyninga har formatet av ein kafé-quiz kor elevane og publikum får testa sin kunnskap om Ole Bull.

- Quiz er noko alle kjenner og liker. Vi gjer om Fjellheim til ein kafé med servering av kaffe og kaker, seier Breistein.

Elevar som komponistar
Kulturskulen har saman med Haugland hatt komponistverkstad i vår. To av verkene, eit av Tommy Lepsø og eit av Silje Rebekka Søfteland og Sandra Tveit har ein sentral plass i framsyninga.

- Eg har ikkje lyst til å røpa kva sjanger verka er i. Vil du høyre, så må du komma, seier ein hemmeleghetsfull rektor.

Kreativ prosess
Vegen fram mot framsyning har vore ein kreativ prosess kor Heidi Tronsmo, som er hjernen bak og som har regien, har spelt ball med elevane.

- Eg er fasinert over den måten Heidi har jobba med elevane på, skryt Breistein som får støtte av Glenn Erik Haugland i at elevane har vore veldig delaktige i arbeidet med innspel og idéar.

Framsyninga er laurdag kl 15 og sundag kl 15 og 17 i Fjellheim. Billettar kan kjøpast på Musikkverket og i biblioteket, avsluttar Breistein.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.