Signerte fredag: Rune Soltvedt og Ole Martin Lekven Kolskogen.
Signerte fredag: Rune Soltvedt og Ole Martin Lekven Kolskogen.

Ole Martin L. Kolskogen (18) er klar for Brann

Debuterte på Os som 15-åring i 2016, no er han klar for Eliteserien.

Kjetil Vasby Bruarøy
21. desember 2019 - 10:41

I dag er gårsdagens omtale av Brann sitt ferskaste kjøp stadfesta: Osingen Ole Martin Lekven Kolskogen (18) signerte fredag kontrakt med SK Brann.

– Eg har signert for tre år, seier «Olis» til Midtsiden.

Også Stabæk skal ha vist interesse for stortalentet og u-landslagsspelaren frå Os som i år rykte opp til OBOS-ligaen med Åsane. Han hadde eit halvt år igjen av kontrakten med Åsane.

– Dialogen mellom klubbane har vore god og eg synest vi hadde fine forhandlingar om kontrakten min.

– Kva var viktig for deg i forhandlingane?

– Det var viktig å veta kvifor dei signerere meg. Eg vil ikkje gå til Brann om det ikkje er realistisk sjanse for at eg får spela på A-laget. Dei gir inntrykk av at dei vil satsa på meg som spelar, og eg er nøgd med avtalen.

– Det er veldig kjekt å få signera ein ung spelar frå Hordaland. Ole Martin er ein spelar vi har følgt med på lenge. Han trente saman med oss tidlegare i haust og gjorde eit veldig godt inntrykk. Vi er veldig takksame for eit godt samarbeid med Åsane, seier sportssjef i Brann, Rune Soltvedt til brann.no.

Frå spiss til forsvar på Os

Kolskogen debuterte for Os sitt A-lag som 15-åring hausten 2016, og var nær skåring i debuten. Hans første skåring kom borte mot nettopp Brann 2, og den var matchvinnande (Os vann 1-0).

Stortalentet veksla mellom å spela spiss og midtstoppar, men spesialiserte seg etterkvart som forsvarsspelar.

– Dette var fantastisk kjekt, seier Os-trenar Endre Brenne, og gratulerer den tidlegare lagkameraten.

– Du var back på Os då Kolskogen debuterte, men òg ein del av trenarteamet med Hassan El Fakiri og Ørjan Håland. Kva eigenskapar er det som har tatt Ole Martin så langt på så kort tid?

– Han er ikkje berre rask, sterk og teknisk, han har eit veldig godt fotballhovud, og er roleg og konsentrert i pressa situasjonar.

OBOS og landslaget

Kolskogen fekk 23 kampar for Os i 2017. Dei to neste åra blei det 39 kampar for A-laget til Åsane, etter draumedebut i OBOS i 2018. Det blei nedrykk i fjor, men opprykk og retur til OBOS etter årets sesong.

Ole Martin har, ved sidan av ei sentral rolle på Åsane i opprykkssesongen, vore både kaptein og banens beste i kampar for det norske u-landslaget.

Han har vore med på å bli nordisk meister og, i november, å vinna prøve EM med flagg på brystet.

Både skule og trening på dagtid

Ole Martin har eit halvt år igjen av vidaregåande skule.

Han har ambisjonar om å fullføra på Os Gymnas, sjølv om treningsøktene til Brann i hovudsak er på dagtid.

– Kor tid skal du på di første trening som Brann-spelar?

– Det blir nok rett over nyttår.

Les meir om

Fotball