Ole Martin Lekven Kolskogen (16) er yngstemann i A-troppen til Os. No er han tatt ut på G16-landslaget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ole Martin Lekven Kolskogen (16) er yngstemann i A-troppen til Os. No er han tatt ut på G16-landslaget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Ole Martin tatt ut på landslaget!

Ole Martin «Olis» Lekven Kolskogen (16) er tatt ut på G16-landslaget.

Kjetil Vasby Bruarøy
02. juni 2017 - 12:53

Tidlegare denne veka blei det kjent at Vilde Drange Veglo (Os) og Madelen Koldal Holme (Lysekloster/Nore Neset) er tatt ut på J15-landslaget.

Uttaket er del av Statoil Talentleir, som òg tar ut spelarar på 14 år, eit årstrinn som ikkje har landslag. Til leiren er òg Malin Ludvigsen (14) frå Nore Neset tatt ut.

No har Ole Martin Lekven Kolskogen tatt ut på G16-landslaget.

– Eg fekk nettopp tilsendt eit bilde der han hadde tatt skjermskot av meldinga med uttaket, fortel pappa Kjell Kolskogen.

Innom landslaget også i fjor

Ole Martin var på Statoil Talentleir i fjor òg. Då blei han, i løpet av leiren, flytta frå skyggelandslaget til landslaget.

– Men det blei ingen landskamp på han etter samlinga i Porsgrunn. Eg trur det både irriterte og motiverte. Han jobbar framleis hardt og målretta og er nok veldig glad for dette uttaket, seier Kjell.

Ole Martin er ein av tre frå Hordaland i uttaket. Dei andre to er David Tufta frå Fyllingsdalen og Håvar Kleppe frå Brann. På skyggelandslaget er Einar Iversen frå Stord og Sander Christiansen frå Brann.

– Allsidig spelar i positiv utvikling

Kjell Kolskogen synest tida med A-laget har gjeve meir speletid og vore ei betre kjensle av meistring enn venta for sonen.

– Han føler seg trygg i rolla og på eigne prestasjonar. Først var han spelt inn som spiss, no er han mest brukt som midtstoppar. Det blir spennande å sjå kva rolle og retning det går vidare, både i klubben, kretsen og landslaget.

Hos Os Fotball er dagleg leiar og del av trenarapparatet til A-laget, Endre Brenne, glad og stolt over uttaka.

– At klubben no har to spelarar i desse uttaka er stort for oss og motiverande for dei andre spelarane i klubben!

– Ole Martin, yngstemann i A-troppen, er rask og teknisk, men også veldig uredd i duellar og roleg når han har ballen. Han har hatt ei stabil og fin utvikling over tid, seier Brenne.

Til Porsgrunn i slutten av juni

Statoil Talentleir for gutar blir arrangert i Porsgrunn 26. til 30. juni. Med gode prestasjonar på leiren kan det bli nye uttak til turneringar og landskampar.

«Vårt G17 Landslag ble nettopp historiske, da vi for første gang hadde et lag med i U17 EM. Opplevelsen ga mersmak og vi har som mål å være med regelmessig i sluttspill fremover. Vi ser at vi utvikler unge spillere som er konkurransedyktige også på den internasjonale arenaen. Først og fremst fordi det har vært en rivende utvikling i det arbeidet som gjennomføres i toppklubbene våre, og også stadig flere utviklingsklubber» skriv fagansvarleg på Landslagsskolen til Norges Fotballforbund, Håkon Grøttland, i brevet til spelarane i uttaket.