Samferdsle | 06. sep. 2023

Oljelekkasje på Hatvikvegen

– Kan skapa trafikale problem.

Oljelekkasje på Hatvikvegen
(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. sep. 2023 17:51

Onsdag klokka 19.33 fekk Midtsiden tips om ein hjullastar med lekkasje på Hatvikvegen nær avkøyrsla til Solstrandvegen.

(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Klokka 19.41 kom tre brannbilar til staden.

– Vi har fått melding om ein hjullastar som har ei større lekkasje av hydraulikkolje, og at lekkasjen kan skapa trafikale problem, seier vakthavande ved Bjørnafjorden brann og redning, Morten Moberg.

(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking er det kø, men kort kø, begge vegar.

– Eg kjem tilbake med meir når eg får rapport frå dei som er ute, seier Moberg.

OPPDATERT kl 20.38: Det blir dirigering på staden ei stund til, fram til bergingsbil for tunge køyretøy er på plass. Den er rekvirert frå Gravdal.

– Det gjekk med ein del sekkar absorberande masse, og den delev an arbeidet er over. Politiet har reist frå staden, men vi blir verande, både for å dirigera og fordi vi har sikra hjullastaren med kjetting til eitt av våre eigne køyretøy, opplyser Moberg.

OPPDATERT: kl 22.28: Aksjonen er avslutta og vegen er open for normalt ferdsle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.