Lokal | 16. aug. 2020

Oljesøl kom sigande gjennom slusa

Havarert båt var kjelda til lukt og søl i Mobergsvikjo i går.

Oljesøl kom sigande gjennom slusa
Oljesøl kom i går sigande under brua på moloen og bort i Mobergsvika. (Arkvifoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. aug. 2020 07:49

Laurdag litt over klokka 13 fekk politiet melding om oljesøl og lukt i frilustområdet Mobergsvika.

Politi og brannvesen rykte ut.

– Sølet var lett synleg, og viste seg å koma frå gjestebrygga på andre sida av moloen, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Kjelda til oljesølet var ein båt som hadde hatt havari i fjorden og blitt taua inn til gjestebrygga.

Brannvesenet la ei lense under den vesle brua på moloen, så ikkje meir søl skulle koma bort til badevika.

– Det var heldigvis ikkje dei store mengdene. Det såg heller ikkje ut til å vera ein lekkasje, men noko lensa vatn frå kjølen på båten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.