Samferdsle | 21. mai 2019

Oljesøl skapte farlege forhold

Lastebil fekk brot på ein hydraulikkslange på E39 - politi, brannvesen og vegtrafikksentralen rykte ut.

Oljesøl skapte farlege forhold
Dette brotet skapte vinterlege forhold på E39 i går. (Foto: Os Brannvesen)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 21. mai 2019 08:20

Arne Monsen ved Os Brannvesen fortel at det i 12-tida i går kom melding om oljesøl på E39, i bakken opp frå ferjekaien på Halhjem, retning Os.

– Ein lastebil med hengar som kom frå Bjørnen fekk brot i ein hydraulikk-slange like før rundkøyringa, fortel Monsen.

– Den uheldige sjåføren oppdaga ikkje kva som hadde skjedd, og heldt fram opp bakken mot kafeen. Andre trafikantar fekk gjort sjåføren oppmerksam på lekkasjen, og då stoppa han i busslomma ved kafeen/ Marivegen.

Då var skaden allereie eit faktum.

Monsen fortel at brannvesenet rykte ut for å begrensa oljesølet, både i busslomma kor lastebilen stod, òg i vegbana opp frå rundkøyringa. Politiet var òg på staden for å dirigera trafikken mens arbeidet vart gjort.

– Det låg hydraulikkolje i vegbana heile vegen opp bakken, og denne olja gjer vegbana utruleg glatt. Slike oljesøl er spesielt farlege for dei på motorsykkel, og då vi arbeidde på staden var det eitt vogntok som så vidt kom seg opp bakken - det var som om vinteren hadde kome tilbake på Halhjem.

– Vi varsla samstundes Vegtrafikksentralen som òg rykte ut med mannskap, fortel Monsen.

– Då vi returnerte til stasjonen heldt dei fram med strøing og skilting på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.