Lokal | 06. apr. 2010

Olsen blei æresmedlem

Under Hordaland Røde Kors sitt årsmøte blei Knut Olsen utnemnt til æresmedlem.

Olsen blei æresmedlem
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. apr. 2010 21:32

Under Hordaland Røde Kors sitt årsmøte i Ullensvang blei Knut Olsen utnemnt som æresmedlem av Hordaland Røde Kors.

Knut Olsen var med å starta Os Røde Kors hjelpekorps i 1955.

I hjelpekorpset hadde han følgjande verv:
1955-57: Korpssjef
1962-63: Formann
1963-67: Distriktsformann i Hordaland.

- Hjelpekorpset har alltid stått Knut sitt hjarta nært og han er framleis aktivt medlem i Os. Han er levande opptatt av kva som skjer i hjelpekorpset og kjem ofte innom for å bli oppdatert og slå av ein prat, seier leiar i Os Røde Kors Nina Solvår Sælen.

- Knut sin kunnskap om Os Røde Kors er unik, og både nye og gamle medlemmar nyter godt av det han har å dela med oss. Vi gratulerer han som æresmedlem av Hordaland Røde Kors!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.