Lokal | 13. des. 2016

Om halshogging på Hatvik og kyrkja på Bø

Det er både fine, viktige og brutale historiar i Osingen, som no har kome ut for sal.

Om halshogging på Hatvik og kyrkja på Bø
Ingun Meiler og Jarl Aspaker frå skriftnemna i sogelaget selte Osingen under framsyninga om Fjøsnissen Borg onsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. des. 2016 09:18

Os Sogelag, som blei stifta i mars i år, har gjeve ut sitt første årsskrift.

Sogelaget tel no 80-90 medlemmar og har vore aktive frå start.

Les òg: Sjå kor fin Gaassand kraftstasjon er

– Eg trudde likevel det skulle bli vanskeleg å få ferdig årsskriftet i så god til før jul, men vi har hatt ei veldig god skriftnemnd, ikkje minst med Jarl Aspaker, han er eit funn, seier formann Oddbjørn Klyve.

Mange forfattarar

Aspaker har både skrive om Osbane-vogna på Kismul og sett saman Osingen. Osingen har som kjent vore Os Mållag sitt lokalhistoriske blad gjennom mange år, men blei sist gjeve ut i 2012. Os Sogelag har, i staden for å koma med nytt merkenamn, fått vidareføra Osingen som sitt årsskrift.

– Osingen var trykt og levert for cirka to veker sidan og er no for sal både på bokhandlarar og bensinstasjonar. Medlemmar av sogelaget får Osingen gratis, og kan henta sitt eksemplar på biblioteket, der dei òg sel boka.

Dei andre i skriftnemnda er Ingun Meiler og Jostein Hausberg. Forfattarane er endå fleire, frå Øystein Moberg, Jimmy Øvredal og Jon Søfteland Sæbø til Jan Harald Gaassand, Anne Elisabeth Stub Hopen og Johannes J. Bø. Midtsiden har bidrege med årskavalkade til Osingen, éi bildeside per månad til og med november i år.

100 sider med lokalhistorie

Osingen 2016 er på 96 sider pluss omslag og har i år forteljingar om blant anna;

• Fangst av levande rev
• Os prestegard med bygningar som paktarbustaden og 700 år gamle Borgstovo (der nissen sat i helga)
• Fjøsnissen Borg - heile historia
• Bø-kyrkja, som blei riven i 1574
• Ørnemannen

I Osingen kan du òg lesa om postvegane, og særleg postvegane i Os. Her får du høyra om då postmann Jon Røykenes blei slått ned og rana på Steglet i 1832. Nygifte Steen Lasseson Øftsad blei dømt til døden for ranet og halshoggen på same stad året etter. Hovudet hans blei ståande på ein staur i tre dagar før han blei gravlagt på same stad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.