Kultur | 08. nov. 2012

Ombygging på Peppes

Peppes Pizza på Os opplever stor vekst og bygger om med ny bar, ny barnekrok og oppgradert møterom.

Ombygging på Peppes
Uterestauranten er strøken. No blir det ombygging inne. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. nov. 2012 10:51

Førstkomande måndag startar det byggearbeid på Peppes.

– Vi kjem til å halda ope i heile byggeperioden, det er berre inste del av restauranten som skal byggast om, fortel restaurantsjef Fredrik Schult.

– Og det blir ein kort og intens byggeperiode, alt skal vera ferdig fredag same veke.

Dobla serveringskapasitet

Denne veka har restauranten fått nye sofagrupper, i neste veke skal møterommet pussast opp, barnekroken skal flyttast og ny bar skal byggast.

Hovudårsaka til ombygginga er ønskje om auka og betre kapasitet på mottak av bestillingar og servering av drikke.

– Vi fekk ein god start på Os og har vakse sidan. Frå 2010 til 2011 hadde vi ei auke på over 20 prosent og i år held vi oss på det nivået, seier eigar Fredrik Wagner-Larsen.

– Når restauranten er full opplever vi ofte at vi har kø av servitørar ved tappetårnet og litt upraktiske forhold med den avlange formen på restauranten. Servitørar på veg ut med mat eller drikke må forbi mange som vil legga inn nye bestillingar på veg til bordet, no blir det mykje kortare veg til og frå kvar bar.

Dette blir nytt

Dagens barnekrok blir riven og erstatta av ny bar med datamaskin og kasse for mottak av bestilling av mat og drikke, og eige kjøleskap og tappetårn for direkte servering.

– Med det får vi to stasjonar, ein i kvar ende av restauranten.

Barnekroken blir flytta og overtar arealet der den inste sitjegruppa i restauranten er. Her kjem eit lite amfi som ungane kan sitja i og ein ny, stor skjerm for filmframvising.

Møterommet skal pussast opp, få vindauge inn mot restauranten og det største vindauget ut mot kaien skal skiftast ut med eit som kan opnast for lufting.

– Yrande kultur- og restaurantliv

Peppes takka blant anna Osøren Blues & Jazzfestival og Oseana for veksten.

– Både festivalen og blueskveldane som går gjennom hausten og våren er stor suksess for oss begge, vi har eit veldig fint samarbeid.

– I tillegg har vi som oftast fullt hus når det er større arrangement i Oseana, både før og etter konsertar og framsyningar, anten det er midt i veka eller i helgene.

Også denne helga, då det var fullt hus på pianobaren til Solsiden, ingen blues på Peppes og fullt hus i nyopna Restaurant Engeline, hadde Peppes ei god helg.

– Det ser ut som om alle nyter godt av kvarandre og osingane og tilreisande i aukande grad går ut og er sosiale. Vi synes det er heilt supert at Sagstad er på offensiven med Solsiden i Irisgården, og at det kjem nye kategoriar som utvidinga med restaurant på kveldstid hos Engeline.

– Det er tydelegvis plass til oss alle, seier Wagner-Larsen, som sjølv har hektiske dagar med Peppes på Voss, som han opna i fjor haust, og som allereie er større enn restauranten hans på Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.