Lokal | 19. aug. 2020

Omfattande og merkeleg hærverk

Dagleg leiar i Os fotball, Endre Brenne, fekk besøk av politiet i dag tidleg.

Omfattande og merkeleg hærverk
– Meiningslaust, seier dagleg leiar i Os fotball, Endre Brenne om hærverket som har foregått i natt. (Foto: ØH)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 19. aug. 2020 09:19

Etter å ha møtt opp på Kuventræ klokka 06 i dag tidleg for å førebu ei akademitrening, var det eit sjokkerande syn som møtte trenar og dagleg leiar i Os fotball. Fleire store reklamebannarar er kutta opp og sikkerhetstauet på tribunen er også kutta opp og øydelagt.

– Eg er heilt sjokkert, dette er berre trist. Det er ikkje noko slikt vi ønskjer å bli møtt av når vi stiller opp på jobb om dagane, seier Endre Brenne

Politiet her i avhøyr med dagleg leiar i Os fotball, Endre Brenne. (Foto: ØH)
Politiet her i avhøyr med dagleg leiar i Os fotball, Endre Brenne. (Foto: ØH)

Fann kniv på staden

Etter å ha gått over plassen fann Brenne noko som kanskje kan knyttast til hærverket.

– Vi fann ein kniv på plassen, dette er jo ein plass kor vi ikkje ofte finn noko slikt slengande rundt. Den kan kanskje knyttast til hærverket, men det må nok politiet undersøkja, seier Brenne.

– Vi har sikra kniven og oppretta sak, seiervakthavande politibetjent.

Denne kniven vart funnen i nærleiken av skadeplassen. (Foto: ØH)
Denne kniven vart funnen i nærleiken av skadeplassen. (Foto: ØH)

Gjentakande uro

Det er ikkje første gongen at det har skjedd hærverk på Kuventræ den siste tida. Det har ved fleire høve vore innbrot i kiosken og hjartestartaren har også vore gjenstand for tjuveri fleire gongar.

– Vi skal få sjekka ut kva vi har lov til i forhold til overvaking. No har det vore mykje den siste tida og vi er nødt til å få betra denne situasjonen. No håper eg politiet finn ut kven som har drive med dette tullet, konkluderer Brenne.

Fleire bannere fekk gjennomgå i natt. (Foto: ØH)
Fleire bannere fekk gjennomgå i natt. (Foto: ØH)

Kanskje fanga på film

Det er håp om at den eller dei som har gjort hærverket er fanga på film. Osbadet har fleire kamera som har vore i bruk gjennom natta og som kan ha fått opptak av syndarane.

– Dette ønskjer eg ikkje å kommentera, dette må nesten politiet ta seg av, men det er lov å håpa, avsluttar Brenne.

Fleire bannere er totalt øydelagte. (Foto: ØH)
Fleire bannere er totalt øydelagte. (Foto: ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.