Politi | 20. des. 2023

Fann død person i sjøen

Leiteaksjon i Holmefjord er avslutta.

Fann død person i sjøen
Mannen er sakna frå heimen sin i Holmefjord. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. des. 2023 08:54

Tysdag kveld blei ein mann meldt sakna frå heimeadressa si i Holmefjord.

– Vedkomande er 82 år, lir av demens, er cirka 180 cm høg, har lyst hår og er truleg utan yttertøy, fortel operasjonsleiar Helge Blindheim.

Han blei meldt sakna klokka 23.53 tysdag kveld, og politiet opplyste før klokka 02 at søk var sett i gang.

Politi, brannvesen, Røde Kors og Kystvakten deltar i søket.

OPPDATERT: Klokka 10.30 opplyser politiet at aksjonen er avslutta.

– Det er gjort funn av ein død person i Holmefjordvika. Funnet blei gjort klokka 09.50, opplyser Blindheim.

Pårørande er varsla og leiteaksjnonen er avslutta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.