Lokal | 23. juli 2019

Omkom etter trafikkulykke i Thailand

Ein mann i 50-åra frå Os døde av skadane etter at ein tankbil trefte minibussen han sat i.

Omkom etter trafikkulykke i Thailand
Mannen er frakta heim. Familien vil halda seremoni i Os kyrkje (bildet). (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. juli 2019 11:26

Ein mann frå Os omkom i ei trafikkulykke i Lopburi-provinsen nord for Bangkok torsdag 20. juni, opplyser BA.no.

Han sat i ein minibuss som blei råka av ein tankbil på motorvegen, opplyser Bergensavisen, og refererer til lokale media i Bangkok.

Det blei utført førstehjelp på staden før osingen blei frakta tl sjukehus. Han døydde seinare av skadane.

51-åringen etterlet seg kone og born. Kona er frå Thailand.

Utenriksdepartementet (UD) er informert om dødsfallet. Årsaka og skyldspørsmålet skal vera uavklart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.