Sport | 02. nov. 2017

Omringa av ungdom frå Askøy

NytræRX tok imot «Mekkeriet». – Vi må ta vare på dei som har interesse for motor, det er eit lite miljø, seier Jarle Nytræ.

Omringa av ungdom frå Askøy
Jarle Nytræ og resten av NytræRX tok imot åtte ungdomar frå Mekkeriet på Askøy. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. nov. 2017 13:19

Bildeserie:

Åtte ungdomar og leiinga ved Mekkeriet kom på besøk. (Foto: KVB)
Åtte ungdomar og leiinga ved Mekkeriet kom på besøk. (Foto: KVB)
Nabo Arvid Johan Heggland stilte opp med sin Peterbilt. (Foto: KVB)
Nabo Arvid Johan Heggland stilte opp med sin Peterbilt. (Foto: KVB)
Innandørs sto bilane og langbordet klart. (Foto: KVB)
Innandørs sto bilane og langbordet klart. (Foto: KVB)
Jarle Nytræ og Kim Reidar Åsebø. (Foto: KVB)
Jarle Nytræ og Kim Reidar Åsebø. (Foto: KVB)
Sponsor Arve Rong var òg på plass. (Foto: KVB)
Sponsor Arve Rong var òg på plass. (Foto: KVB)
«Camp Nytræ». (Foto: KVB)
«Camp Nytræ». (Foto: KVB)
Kokk Lillian Sælen. (Foto: KVB)
Kokk Lillian Sælen. (Foto: KVB)
... men før mat; litt action. (Foto: KVB)
... men før mat; litt action. (Foto: KVB)
600 hk på lukka område. (Foto: KVB)
600 hk på lukka område. (Foto: KVB)
1 av 9
Åtte ungdomar og leiinga ved Mekkeriet kom på besøk. (Foto: KVB)
Nabo Arvid Johan Heggland stilte opp med sin Peterbilt. (Foto: KVB)
Innandørs sto bilane og langbordet klart. (Foto: KVB)
Jarle Nytræ og Kim Reidar Åsebø. (Foto: KVB)
Sponsor Arve Rong var òg på plass. (Foto: KVB)
«Camp Nytræ». (Foto: KVB)
Kokk Lillian Sælen. (Foto: KVB)
... men før mat; litt action. (Foto: KVB)
600 hk på lukka område. (Foto: KVB)

Rallycrossteamet NytræRX, eit av tre team i CircleX, opna i helga dørene for Mekkeriet frå Askøy.

– Mekkeriet er eit gratistilbod for ungdom frå 13 til 25 år. Frivillige har bygd ein verkstad der ungdomen kan samlast for å skru på alt frå moped og bil til sykkel og påhengsmotorar, ein arena for uformell læring, kurs, erfaringsutveksling og sosialt samvær, seier styreleiar Kim Reidar Åsebø.

Han stilte saman med andre leiarar og åtte ungdomar i Hegglandsdalen for å sjå nærmare på fasilitetane og bilane til den i regionen som driv på høgast nivå, rallycrosskøyrar Jarle Nytræ.

– Eg synest bere det er gøy at dagens ungdom er interessert i motor. Om vi kan vera med på å ta vare på desse, og kanskje få endå fleire interessert, så er det stas, seier Jarle.

• Les òg: Fullførte semifinalen med tre hjul

– Då eg var ung så skrudde alle på alt. Dei fleste hadde verktøy og kunnskap sjølv, og alle hjelpte kvarandre. Mekkeriet ser ut til å vera eit veldig flott tilbod.

Takksam ungdom vil sjølv bygga bil

Team NytræRX stilte med fullt mannskap, ryddig garasje, fyr i grillen og ferdigdekka langbord. I garasjen er ulike bilar, også ramma til ein tidlegare EM-vinnar, ein bil som skal byggast.

– Dette er både inspirerande og lærerikt! På Mekkeriet har vi ein bilcross-bil som vi held på med å bygga, derfor er det ekstra kjekt å koma på besøk, seier Åsebø.

Mekkeriet søkjer noe etter fleire leiarar for å utvida tilbodet frå éin til to kveldar i veka.

• Les meir om tiltaket på Mekkeriet.com

Ungdomane gjekk frå bil til bil for å sjå nærmare på både interiør og motor.

– Vi liker oss på Mekkeriet. Tidlegare så skrudde eg litt på sykkel hos onkelen min, no kan vi vera fleire saman, ha tilgang på mykje verktøy, skru på våre eigne ting, og samtidig få hjelp av både kvarandre og av vaksne mekanikarar, seier ein av dei åtte ungdomane.

Lag-arbeid

Etter omvising på verkstaden fekk dei sjå korleis NytræRX bur når laget er på tur, på innsia av den eine lastebilen.

– Det er sosialt, men det er også travelt. Alle har sine funksjonar, og alle i teamet er like viktige, forklarte Nytræ.

Når teamet er på tur er det så hektisk at det blir vanskeleg å setja av tid til måltid.

– Vi har ikkje ledige folk til å henta takeaway ein gong, men no er vi heldige og har med oss eigen kokk.

Også laurdag var det kokk på plass. Men før hamburgarane blei serverte blei rallycrossbilen trilla ut av garasjen for i visa gjestane litt av kva den er god for.

• Midtsiden samleside: Motorsport

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.