Lokal | 03. des. 2014

Omstreifande bande innom Kiwi

– Dei var nok på jakt etter kjøt, seier butikksjef Tommy Lyssand.

Omstreifande bande innom Kiwi
Kiwi Gudriflaten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. des. 2014 15:02

Onsdag klokka 14 fekk politiet melding om forsøk på tjuveri frå Kiwi Gudriflaten.

– Meldinga gjekk ut på at fleire personar med sekkar er mistenkt for å ha stole noko, eller for forsøk på tjuveri, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

– Bilen, ein kvit Transit, stakk frå staden retning Bergen og ei patrulje frå Fana skal vera ute for å sjå etter den.

Såg etter kjøt

Butikksjef Tommy Lyssand fortel at han fatta mistanke då tre menn gjekk rundt med handlevogn med ryggsekk oppi.

– Først såg eg at ein av dei romsterte noko voldsamt i fryseboksen med kjøt. Då han såg meg stivna han til og då eg i tillegg såg at han hadde ein stor ryggsekk i handlevogna så fatta eg mistanke om at dei kanskje ville stela.

Dei tre personane, som alle såg ut til å vera frå Aust-Europa, forsvann brått ut av butikken. Lyssand og ein kollega gjekk etter, men då forsvann dei i ein kvit Transit.

Omstreifande gjengangar

Lyssand åtvara dei to andre Kiwi-butikkane i Os og då viste det seg at personar i same bil blei mistenkt for tjuveri frå ein Kiwi-butikk i Samnanger for to dagar sidan.

– Eg varsla politiet, dette med omstreifande vinningskriminelle reknar eg med at dei prioriterer.

– Er Kiwi Gudriflaten plaga med tjuveri og nasking?

– Vi har hatt veldig lite, men dei siste to vekene har det vore tre tilfelle av naskeri som er meldt til politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.