Kultur | 02. juni 2018

Omstridt Hamsun-utstilling til Os

Thomas Kvam har blitt omstridt etter å ha nytta notater frå psykoanalysen av Knut Hamsun i kunsten sin. I dag opnar utstillinga på Oseana.

Omstridt Hamsun-utstilling til Os
Thomas Kvam studerer modellen av Sjelens Mausoleum (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 02. juni 2018 07:11

«Sjelens Mausoleum - The Hamsun Sessions #6» er første gang kunstnar Thomas Kvam visar Hamsun-prosjektet i sin heilskap. Tidlegare har delar av den vore vist i Oslo og Berlin, men no er alt samla i Oseana si sommarutstilling.

– Den tek utgangspunkt i psykoanalysen Dr. Johannes Irgens Strømme gjorde av Knut Hamsun i 1926-1927. Eg har fått tak i råmaterialet som er på 474 sider skrive med ein hurtigstenografi som ikkje lenger er i bruk. Desse bruker eg som ein del av bileta mine. På den måten er kvart og eit av dei eit reelt mysterium, forklarte Kvam då Midtsiden møtte han i Griegsamlingen tidlegare denne veka.

Oversatt 30 sider

Tredve av sidene har blitt oversatt av ein tidlegare stortingsstenograf.

– Det var Gyldendal som fekk desse oversatt. Det tok umenneskeleg lang tid å dekode dei, så det blei med dei tredve sidene. Draumen er å få oversatt alle dei 474 sidene og få publisert dei, slik at det kanskje kan bli mogleg å forstå Hamsun både som nobelprisvinner og ikkje minst hans politiske syn som nasist. Det ligg ein rasisme i den delen av psykoanalysen som har blitt oversatt.

– Mellom anna omtaler han den eine sønen sin som del av ein herskerrase, medan den andre blir omtalt som veik og som ein pusling. Og hugs at dette er frå 1926, før nasismen sin frammarsj i Europa.

Har skrive bok

Til sommarutstillinga på Oseana har kulturhuset i samarbeid med QB Gallery skrive boka «Koding, avkoding og kamuflasje» om Thomas Kvam sitt arbeid med blir analysert og diskutert av Ceilie A. Størkson og Eirik Vassenden. Kurator Evelyn Holm har vore redaktør for boka.

– På opninga omlag klokka 15.30 laurdag vil det bli ein panelsamtale med Thomas, Eirik Vassenden som er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen og meg, fortel Holm.

Lanserer utviding av Hamsunsenteret

Det er ikkje berre boka som blir lansert på utstilinga. Thomas Kvam har også ein idé om å lage ei utviding av Hamsunsenteret på Hamarøy.

– Eg tenker ein kjeller under bakken kor maleria og materialet frå psykoanalysen skal henge og visast fram. Difor har eg kalla det «Sjelens Mausoleum». Målet er å kunne opne det i 2026 på hunderårsdagen for psykoanalysen.

– Det skal bli ei blanding av ein "fürerbunker" og eit musoleum. Formen på det er henta frå Freud si leiligheit i Wien, kor det store rommet er bakgarden til Freud, som han ikkje ville vise fram til pasientane sine, får ein sentral plass, forklarer Kvam.

– Ein modell både av Steven Holl sitt berømte tårnbygg på Hamsunsenteret og ein modell av kjellaren vil bli presentert på utstillinga, skyt Holm inn avslutningsvis.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.