Politi | 22. aug. 2023

Ønsker tips etter tjuveri av hjelm

MC-førar la hjelmen på sykkelen mens han handla. Kort tid etterpå var den vekke.

Ønsker tips etter tjuveri av hjelm
Tjuveriet skjedde i 22.30-tida måndag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. aug. 2023 07:00

Måndag kveld blei politiet kontakta av ein ungdom som hadde opplevd eit tjuveri mens han sjølv var og handla.

– Han hadde parkert motorsykkelen sin utanfor Coop Extra, og la hjelmen på sykkelen før han gjekk inn i butikken. Då han kom ut igjen var hjelmen vekke, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Saka blir meldt, politiet ønskjer tips.

På morgonen i går, i 09-tida, fekk politiet melding frå ein innbyggar frå Søfteland.

– Han hadde oppdaga at nokon hadde tagga på garasjen hans. Saka blir kanskje meldt.

Også i denne saka ønskjer politiet tips.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.