Sport | 07. apr. 2012

Ønskjer kommunismen tilbake

Svalbard, del 2: Det russiske gruvesamfunnet Barentsburg lir under forfall. Det var kanskje betre då kommunismen rådde?

Ønskjer kommunismen tilbake
Framfor "høgblokka" i Barentsburg har dei henta fram att det gamle skiltet med teksta "Vårt mål - kommunisme!" (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 07. apr. 2012 07:30

Bildeserie:

Skulen i Barentsburg. Rikt dekorert for å gje god læring (foto: AH)
Skulen i Barentsburg. Rikt dekorert for å gje god læring (foto: AH)
Store delar av bygningane står for fall i det russiske gruvesamfunnet (foto: AH)
Store delar av bygningane står for fall i det russiske gruvesamfunnet (foto: AH)
På veg frå Barentsburg til Isfjord Radio kom vi over denne russiske feriehytta (foto: AH)
På veg frå Barentsburg til Isfjord Radio kom vi over denne russiske feriehytta (foto: AH)
...mektig natur, (foto: AH)
...mektig natur, (foto: AH)
...magisk lys... (foto: AH)
...magisk lys... (foto: AH)
...og ikkje akkurat lettskremte ryper (foto: AH)
...og ikkje akkurat lettskremte ryper (foto: AH)
...men då scooteren kom for nære tok sjølv Svalbardreinen dei korte beina fatt (foto: AH)
...men då scooteren kom for nære tok sjølv Svalbardreinen dei korte beina fatt (foto: AH)
Isfjord radio ligg på Kapp Linné ved innseglinga til Isfjorden (foto: AH)
Isfjord radio ligg på Kapp Linné ved innseglinga til Isfjorden (foto: AH)
Idag turisthytte og serveringsstad for turistar som vil oppleva den ville naturen (foto: AH)
Idag turisthytte og serveringsstad for turistar som vil oppleva den ville naturen (foto: AH)
Turen starta opp Longyearbreen rett bak Longyearbyen (foto: AH)
Turen starta opp Longyearbreen rett bak Longyearbyen (foto: AH)
1 av 10

Skal ein tru skiltet som er sett opp framfor den fire etasjar høge "skyskraparen" i Barensburg ønkjer nok dei om lag 350 innbyggarane i det russiske gruvesamfunnet kommunismen velkomen tilbake.

- Tidlegare var dette tildekt og det sto "Velkomen til Barentsburg", men som du ser har dei no tatt ned velkomstskiltet og funne fram at det gamle kommunistskiltet, fortel guiden vår, Anders Aulie.

Barentsburg ligg cirka fire mil frå Longyearbyen.

Skiltet tyder etter det vi har fått høyra: "Vårt mål - kommunisme!". Kanskje eit uttrykk for at det vesle gruvesamfunnet har forfalle og ønskjer seg tilbake til svunnen tid kor staten tok vare på innbyggarane og arbeidarane. I den tida var dei sjølvforsynte med grønsaker og kjøt frå eige drivhus og gardsbruk. Forsyningar kom regelmessig frå Russland og det var mat nok.

Usikker forsyningsteneste

No kan dei ikkje stola på at forsyningane kjem presis, eller kva som kjem av varer frå heimlandet.

Som ein av dei andre turistane Midtsiden møtte fortalte:

- Då eg var her på hausten for nokre år sidan var det stor ståhei i byen. Då hadde forsyningsbåten lagt til om natta dagen før vi kom. Tolken vi hadde med oss fortalte at innbyggarane heilt hadde gitt opp håpet om å få forsyningar den sommaren.

Det er hovudsakleg russiske og ukrainske gruvearbeidarar som no bor i Barentsburg, der dei fleste jobbar for gruveselskapet Trust Artikugol. Kolet dei driv ut blir i hovudsak brukt til oppvarming av dei husa som framleis er i drift. Samfunnet har nemleg dei siste åra blitt råka av to store hendingar som pregar byen.

Først flyulykka i 1996, kor eit russisk fly med 140 passasjerar styrta i Operafjellet og alle omkom. Seinare av ein stor gruvebrann i april 2008, kor éin døydde og ein annan aldri blei funnen. Drifta i gruva er enno ikkje tatt fullt opp igjen.

Store kontrastar

Midtsiden sitt besøk i Barentsburg var del av ein utflukt til det russiske gruvesamfunnet og til Isfjord radio, som ligg på Kapp Linné, det nordvestlegaste punktet på Nordenskiöld land ytst i Isfjorden.

Isfjord Radio blei bygd i 1933. Først for å sikra båttransporten inn til gruvebyane inne i Isfjorden gjennom det bemanna fyret som blei sett opp. Seinare som ein viktig kommunikasjonssentral med fastlandet.

- I TV-en sine tidlege dagar tok ein ned signala her og frakta dei vidare til Longyearbyen med hundespann eller båt. Det vanlege var då at sendingane kom cirka 14 dagar forseinka i forhold til når det var sendt på fastlandet, fortel Lena, som i dag driv turisthytte/hotell i den gamle radiostasjonen.

Isfjord Radio har i dag 23 rom med 49 sengeplasser og er i drift frå februar til september/oktober. Einaste måten å koma seg ut til hotellet på er med snøscooter om vinteren eller med båt om sommaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.