Ønskjer seg rifle til konfirmasjonen
I haust tok ho jegerprøven og no har jaktlaget til Ida skote nok hjort til heile konfirmasjonsmiddagen neste år.
Bildeserie:
Ida Lund Bakke (14) har mange karatemedaljar heime på jenterommet i Lysefjorden, frå bronse i Wado-EM til NM-bronse og ei rekkje medaljar frå vestlandsmeisterskapen. Men ho er òg glad i action utandørs.
– Eg har vore med i telt og på jakt så lenge eg kan hugsa. No var eg endeleg gamal nok til å ta prøven, seier den nyutdanna jegeren.
Førebels kan ho ikkje gå åleine med våpen, men får ho det som ho ønskjer så har ho eigen rifle over skuldra når ho fyller 16.
60 netter utandørs
Pappa Ole har òg jakta frå han var ung. Mamma Marete har bakgrunn som turistguide i tøff og vakker Hardanger-natur.
– Det har ikkje berre handla om jakt når vi har hatt ungane med på tur. Vi har fiska mykje i fjorden og det har blitt ein del overnattingar utandørs, både i telt, lavvo, snohole og under open himmel, fortel Ole.
«Ein del» kan han trygt seia, i 2012, då Ida var 11 år gamal, hadde ho 60 netter utandørs, med og utan ulike formar for tak over hovudet. Åra før og etter låg omtrent på same tal.
Turane på hjortejakt går til terrenget nær bestemor og bestefar si hytte i Strandvik.
Tok omsyn
Ida og veslesøstera Helena fekk først prøva å skyta med luftgevær. Då Ida var ti år gamal blei ho med i Os Skyttarlag.
– Jentene var òg med på jakt. I starten sa dei gjerne «ikkje skyt han» då eg fekk noko i siktet, men så blei dei van med det. Elddåpen var då to dyr sprang i ein skråning over meg, og vi var etter med hund. Brått sto dei der og eg felte begge. Dei trilla ned skråningen og landa rett framfor føtene våre.
– Men eg og resten av laget tok omsyn. Vi skaut aldri kolle eller kalv då ungane var med.
– Dei var også alltid flinke til å ta omsyn, eg kan ikkje hugsa at eg ein einaste gong har måtta bede dei vera stille, seier han om Ida og Helena.
Sug i magen
Ida er 14 år i år og gamal nok til å ta jegerprøven. Prøven blei tatt i haust, hos Os Jakt og Fiskelag, der ho neste år skal ha konfirmasjonen sin. Hjort står på menyen og frysen er allereie full.
– Eg liker naturopplevinga, å gå i skogen og på fjellet, å sjå nøtteskrik, havørn og andre dyr.
– Det er også veldig spennande. Eg liker å høyra hjorten brøla og suget i magen når vi sit og ventar, seier Ida.
Ho ønskjer seg ei eigen rifle til konfirmasjonen, men kanskje blir det ei mellombels løysing i starten.
– Vi får sjå. Vi har ei rifle ho kan bruka når ho er gamal nok. Det kan vera greit for ho å prøva før ho kjøper, sjølv om ho liker å vera med på jakt så er det noko eige å fella eit dyr, det er ikkje sikkert ho liker det. Men det kan jo godt henda, seier Ole.
– Gledeleg rekruttering
Ifølgje Statistisk Sentralbyrå sine tal for 2014/2015-jakta var det 143.000 jegerar på jakt i Noreg førre sesong. 8900 av desse var kvinner.
Testleiar og instruktør i Os Jakt og Fiskelag, Tommy Grindheim, gler seg over å ha hatt ungdom som Ida på kurs.
– Medlemstalet vårt varierer mellom 450 og 500. Det er ekstra kjekt når det kjem ungdom på kurs, ikkje minst når det er jenter, seier Grindheim.
Han fortel om god rekruttering innan fiske dei seinare åra, blant anna med den riksdekkande Fiskesommer-kampanjen. Men vi har òg fleire aktivitetar og dagar der unge kan koma og skyta. No held vi på å gjera klar ein 50-metersbane spesielt for å auka kapasiteten for unge som vil skyta med salongrifle.
Ungdom kan ta jegerprøve det kalenderåret dei fyller 14 år og gå åleine på småviltjakt med hagle frå dei er 16 år.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.