Kultur | 24. okt. 2013

Open for alle

Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg sier Oseana alltid har vore opne for å diskutera alternative samarbeidsformer med konsert- og arrangementsarrangørar.

Open for alle
Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg (pressefoto: Vidar Langeland)
Andris Hamretorsdag 24. okt. 2013 10:51

Osøren Blues- og Jazzfestival gjekk tidlegare i haust ut og kritiserte avtalene dei fekk med Oseana, mellomanna det at dei ikkje fekk inntekter frå øl- og vinsal.

Onsdag blei det kjend at festivalen valgde å leggja ned, som følgje av lågare inntekter enn forventa dei tre siste åra.

– Eg tykkjer det er synd at dei vel å leggja ned, seier Ole Tobias Lindeberg.

Fire ulike løysingar

Ole Tobias Lindeberg fortel at kulturhuset har ei rekkje fleksible samarbeidsformer med arrangørar.

– Slik strukturen vår er i dag er det fire typer avtaler vi inngår, kor risikoen for arrangør, og oss som kulturhus er forskjellig, forklarar Oseanadirektøren.

Desse fire er:

1. Arrangører leier seg inn, betalar ein fast leigesum og tek all risiko i høve billettsal.
2. Oseana leiger ein artist inn og tek med det all risiko.
3. Arrangøren og Oseana blir einige om ein deling av billettinntektene, og dermed òg risikoen. Arrangøren betalar gjerne ingen husleige, men må gje frå seg noko av billettinntektene.
4. Arrangøren betalar ingenting for å nytta huset, men kan heller ikkje ta billettinntekter (typiske gratiskonsertar)

Ei scene å stå på

Allereie sundag førstkommande vil det vera eit arrangement i foajeen av den siste kategorien.

– Då kjem Os musikkforening med unge solistar for å halda konsert.

– Denne er gratis for publikum, og musikkforeninga betalar heller ikkje leige av lokalet. Slike type avtalar inngår vi gjerne med lokale lag som har eit ønskje om å få visa seg fram.

– I mine auge er det ein strålande måte å skapa det levande huset Oseana skal vera.

– Oseana skal vera ein sosial møteplass, så allereie 4. november har vi ein tilsvarande gratiskonsert i Griegsamlinga med elevar frå Kongshaug, fortel Lindeberg.

Halv pris på leige

Andre lokale lag ønskjer å skapa seg billettinntekter og vel å leiga seg inn.

– Du veit, ordninga med at Os kommune støttar lokale lag og foreningar som vil leiga huset med halve leigeprisen, er god.

– Vi ønskjer å vera eit kulturhus for heile kulturlivet i Os, og er ikkje med på uttalingar som hevdar at vi tek knekken på det lokale kulturlivet.

– Ordninga med kommunen er med på å minska risikoen for dei lokale arrangørane, påpeikar Lindeberg, som legg til at avtalane der ein delar billettinntektene etter ein avtalt brøk også er med på å redusera risiko til noko nær null.

Tre partar som må bli einig

Ein modell, som ikkje har vore testa, men som Lindeberg kan vera villig til å diskutera i spesielle høve, er ein modell kor den eksterne aktøren inngår i eit trekantsamarbeid med huset og Oseana Kafé og Restaurant.

– Det vil nok kreva eit arrangement av større kaliber, for eksempel ein festival over fleire dager, som alle tre har tru på, og kor både Oseana og restauranten får vera med på å påvirka innhaldet i høve artistar og liknande.

– Det kan vera fullt mogleg å diskutera ein slik samarbeidsmodell, men det ligg nok mange skjer i sjøen for å klara å realisera det, det er tross alt tre partar som alle skal tene tilfredsstillande på modellen. Det vil nok ikkje vera ein modell for einkvar, seier ein ærleg Lindeberg.

– Når det er sagt så er jo både restauranten som eig AS-et, med skjenkeløyvet i Oseana, og Oseana KF er interessert i å skape aktivitet og gode prosjekter i huset.

– Eg har ikkje diskutert dette med restauranten, så om dei eventuelt vil vera med på ein slik modell må jeg sjølvsagt ta atterhald om. Eg vil tru at for dei fleste arrangørane så vil ein av dei fire etablerte modellane vera den beste løysinga, avsluttar direktøren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.