Næringsliv | 26. feb. 2011

Open igjen

Lucianos er open igjen og forsikrar at dei har alt i orden etter kritikken frå Mattilsynet i førre veke.

Open igjen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. feb. 2011 00:20

Fredag fortalte BT.no om Mattilsynet sine ferke inspeksjonar ved restaurantar i Bergen og Os. To av serveringsplassane i Os, Os Biljard og Sportsbar og Kafé Ole B, fekk kommentar på mindre manglar, medan Lucianos fekk pålegg om å stenga.

- Eg var ikkje på jobb sjølv, og då eg høyrte at vi måtte stenga forsto eg først ikkje kvifor, fortel innehavar Levent Bozkurt.

Mattilsynet stadfesta ifølgje Levent at både råvarene og hygienen på kjøkkenet er tilfredsstillande, det var måten dei tinte kebabkjøttet på som ikkje var i tråd med rutinene.

- Kjøttet skal tinast i kjøleskap, ikkje i romtemperatur. I travle periodar har det hendt at vi tiner i romtemperatur for at det skal gå fortare å gjera kjøttet mjukt nok til at vi kan behandla det og få det på grillspydet, forklarar han.

Det er det no slutt på og dei tilsette er informert om rutinene.

- Vi bruker berre norsk kjøtt og får varene levert frå Måkestad med kjølebil. Vi driver så ryddig og reint som vi kan, kven som helst er velkommen inn for å sjå kjøkkenet vårt.

Inspeksjonen var torsdag 18. februar. Måndag 21. februar fekk Lucianos opna igjen. Fredag kveld var det halvfullt i restauranten.

- Eg etablerte Lucianos for 14 månadar sidan. Det tok tid å få ein god nok marknad, men etter eit halvt år tok det seg opp og no går det bra. Eg håper og trur folk skjøner at vi framleis har god mat og at vi har retta opp i det som ikkje blei gjort etter boka, seier Levent.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.