Lokal | 05. nov. 2012

Opna «EL-39»

Medan diskusjonane går om ny E-39 opna ordføraren saman med representanter frå Fylkeskommunen og BKK hurtigladestasjon for el-bilar på Halhjem måndag.

Opna «EL-39»
Ordførar Terje Søviknes (Frp), leiar for forretningsutvikling i BKK Christine Haugland og leiar i samferdselsutvalet i Hordaland Fylkeskommune Gustav Bahus (Frp) sto for den offisielle opninga (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 05. nov. 2012 14:23

Med det nye hurtigladepunktet på Halhjem ferjekai kan elbilar no køyra elektrisk frå Stavanger til Bergen utan å frykta å gå tom for straum.

- Det er ein viktig milepæl for kyststamvegen at vi i dag opnar dette ladepunktet.

- Kanskje kan det at det no går fint å ta seg frå Bergen til Stavanger også med elbil vera med på å bryta ned myten om at elbilen må vera bil nummer to i ein husstand og at dei berre fungerer over kortare avstandar, helsa ordførar Terje Søviknes (Frp) då han opna ladepunktet på Halhjem.

Stor interesse

Interessa for elbilar er stadig aukande, noko også frammøte på Halhjem måndag morgon tyda på. I tillegg til representantane frå fylkeskommunen og BKK stilte bilbransjen mannsterke opp for å helsa ladepunktet velkomen.

Sjelden har det vore samla så mange elbilar på ein stad samstundes.

- Det er ei rivande utvikling, ikkje berre teknologisk.

- Eg fekk nett vita her at ved utgangen av 2010 var det omlag 250 elbilar i Bergensområdet, ved utgangen av 2011 hadde dette dobla seg og no ved utgangen av oktober var talet oppe i heile 850 bilar. Det må vera godt nytt for de som sel bilane, helsa Søviknes representantane frå bransjen.

Viktig miljøtiltak

Gustav Bahus (Frp), leiar av Samferdselsutvalet i Hordaland Fylkeskommune nytta høve til å trekke fram dei positive verknadane av elbilar, spesielt i området som slit med høg forureining.

- Dette er ein viktig del av fylkeskommunen sin klimaplan.

- Ikkje minst er det fryktlig viktig for dei som bur i Bergen sentrum og som slit med forureining av eksos og røyk på dagar som denne.

Eit samarbeidsprosjekt

Hurtigladepunktet på Halhjem er eitt av fire nye ladepunkt langs E 39 i Hordaland og Sogn og Fjordane som vert sett i drift i desse dagar. I tillegg er ein hurtigladestasjon under bygging langs E 16 på Dale i Vaksdal kommune.

Det er Hordaland Fylkeskommune som står bak prosjektet i samarbeid med BKK og Transnova.

- For oss har det vore viktig å vera ein fødselshjelpar til dette prosjektet og å bidra med vår kompetanse inn i prosjektet, helsa Christine Haugland, leiar for forretningsutvikling i BKK før ho saman med Søviknes og Bahus opna ladestasjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.